Ved Høgskolen i Innlandet (HINN) tilbyr vi fleksible utdanningar ved seks ulike studiestader. I tillegg til gradsstudia på bachelor-, master- og doktorgradsnivå har høgskulen eit bredt tilbod av årsstudier og kortare kurs som svarer på samfunnet sine behov for livslang læring.
Høgskolen i Innlandet vart etablert 1. januar 2017 etter Kongeleg resolusjon om å fusjonere Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer. Verksemda vår er lokalisert på studiestadene Blæstad, Elverum, Evenstad, Hamar, Lillehammer og Rena. I tillegg tilbyr vi undervisning i Kongsvinger, Oslo og på Tynset.
Forskinga ved HINN er tett knytt til utdanningane. Slik blir utdanningane forskingsbaserte samtidig som høgskulen bidreg med ny kunnskap på viktige samfunnsområde. Ein praksisnær forskingsprofil legg grunnlag for eit kunnskapsbasert arbeidsliv og innovasjonar.
Nasjonalt og internasjonalt samarbeid styrkar utdanningsprogram og forsking. HINN tilbyr engelskspråklege program som tiltrekkjer seg studentar frå mange land, samtidig som stadig fleire av våre studentar tek deler av utdanninga si ved ein utanlandsk institusjon.
HINN er ein viktig kompetanseinstitusjon i regionen, og samarbeider aktivt med arbeids- og samfunnsliv i Innlandet. Vi driv og ei omfattande oppdragsverksemd som svarar på regionale og nasjonale behov for etter- og vidareutdanning, og som gjennom forskingsoppdrag bidrar med ny viten om konkrete utfordringar i arbeids- og samfunnsliv.
HINN har tett samarbeid med Studentorganisasjonen i Innlandet og med Studentsamskipnaden i Innlandet om studentane sitt studie- og læringsmiljø og studentvelferd.
Fakultet
Sentre og kunnskapsklynger
Høgskolen utreder høsten 2023 samarbeid mellom Den norske filmskolen (DNF) og Fakultet for audiovisuelle medier og kreativ teknologi (AMEK) som jobber med tv og spill.
Aktuelt
-
Skal leie nytt fakultet frå august 7. mai 2024 13:31
Leif Holst Jensen får tilbod om åremål som dekan ved det nye fakultet for film, TV og spill ved Høgskulen i Innlandet (HINN).
-
Høgskolen i Innlandet øker mest i landet 26. apr. 2024 09:35
9357 søkere har HINN som førstevalg i årets Samordna opptak. Det er 1049 flere enn i 2023 og den største økningen i antall blant samtlige høyere utdanningsinstitusjoner i Norge.
-
Rekordhøy forskningsaktivitet ved HINN 15. apr. 2024 14:35
Høgskolen i Innlandet hadde i fjor en økning i antall publiseringspoeng på hele 25 prosent.
Nøkkeltal for HINN (2023)
Antall studentar: 14 897
Antall årsverk: 1 296
Publiseringspoeng: 569,11 (2022)
Publiseringspoeng per fagleg stilling inkl. stipendiatstillingar: 0,69 (2022)
Doktorgrader: 6
Omsetning: 1 656 (MNOK i 2022)
Tala er henta frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH)