English version of this page

Om høgskulen

Ved Høgskolen i Innlandet (HINN) tilbyr vi fleksible utdanningar ved seks ulike studiestader. I tillegg til gradsstudia på bachelor-, master- og doktorgradsnivå har høgskulen eit bredt tilbod av årsstudier og kortare kurs som svarer på samfunnet sine behov for livslang læring.

HINNs studiesteder (Foto: HINN)
HINN sine studiesteder. Frå venstre oppe: Blæstad, Elverum og Evenstad. Nederst frå venstre: Hamar, Lillehammer og Rena. (Foto: HINN.)

Høgskolen i Innlandet vart etablert 1. januar 2017 etter Kongeleg resolusjon om å fusjonere Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer. Verksemda vår er lokalisert på studiestadene Blæstad, Elverum, Evenstad, Hamar, Lillehammer og Rena. I tillegg tilbyr vi undervisning i Kongsvinger, Oslo og på Tynset.

Forskinga ved HINN er tett knytt til utdanningane. Slik blir utdanningane forskingsbaserte samtidig som høgskulen bidreg med ny kunnskap på viktige samfunnsområde. Ein praksisnær forskingsprofil legg grunnlag for eit kunnskapsbasert arbeidsliv og innovasjonar.

Nasjonalt og internasjonalt samarbeid styrkar utdanningsprogram og forsking. HINN tilbyr engelskspråklege program som tiltrekkjer seg studentar frå mange land, samtidig som stadig fleire av våre studentar tek deler av utdanninga si ved ein utanlandsk institusjon.

HINN er ein viktig kompetanseinstitusjon i regionen, og samarbeider aktivt med arbeids- og samfunnsliv i Innlandet. Vi driv og ei omfattande oppdragsverksemd som svarar på regionale og nasjonale behov for etter- og vidareutdanning, og som gjennom forskingsoppdrag bidrar med ny viten om konkrete utfordringar i arbeids- og samfunnsliv.

HINN har tett samarbeid med Studentorganisasjonen i Innlandet og med Studentsamskipnaden i Innlandet om studentane sitt studie- og læringsmiljø og studentvelferd.

Nøkkeltal for HINN (2021)

Antall studentar: 15 934

Antall årsverk: 1 229

Publiseringspoeng: 475,39 (2020)

Publiseringspoeng per fagleg stilling inkl. stipendiatstillingar: 0,71 (2020)

Doktorgrader: 4

Omsetning: 1 554  (MNOK)

Tala er henta frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH)

Undervisningsstader