Status som universitet

Høgskulen i Innlandet (HINN) ønsker å bli akkreditert som universitet og sendte i desember 2022 søknad om slik status.

Universitet- og høgskulesektoren blir stadig meir internasjonal, med aukande konkurranse mellom institusjonar om samarbeidsprosjekt, forskingsmidlar og rekruttering av medarbeidarar og studentar.

Vi meiner at ein status som universitet vil gjere tydelegare at vi er ein institusjon med høg kvalitet i undervisning og forsking, og at dette vil gjere oss meir attraktive som institusjon og samarbeidspartnar. Dette gjeld ikkje minst i internasjonalt samarbeid.

Vi meiner ein slik status også vil vere viktig for Innlandet som region. Erfaring viser at status som universitet gir store ringverknadar og moglegheit for samarbeid med nærings- og arbeidsliv.  

Vi trur at status som universitet vil bidra til å inspirere og løfte den faglege aktiviteten vår, og bygge stoltheit internt over å vere del av ein fagleg sterk og ambisiøs organisasjon.

Søker til NOKUT

Det vert stilt ei rekke krav for å få status som universitet.

Vi har over tid jobba aktivt for å styrke den faglege kvaliteten vår på alle område, slik at vi kan innfri krava. Ein søknad om akkreditering vart sendt 12. desember 2022.

Søknaden er sendt til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Det er NOKUT sitt styre som vurderer om det vert gitt akkreditering, basert på ei vurdering gjort av ein sakkunnig komité.

Ei eventuell endring av status frå høgskule til universitet, vert formelt avgjort av Kongen i statsråd.
 

Her kan du lese høgskulens søknad om akkreditering som universitet

Ein tidligare søknad

Høgskulen i Innlandet har søkt om status som universitet ein gong tidlegare. Vår første søknad vart sendt i 2018, og prosessen med å behandle den vart avslutta i 2020. NOKUT fann at HINN innfridde krava på ti av 13 område, men hadde merknadar på tre område.

Dei tre områda var relatert til delar av forskrifta som regulerer talet på fagleg tilsette, stabil forskarutdanning og høg internasjonal kvalitet.

Sidan 2020 har vi jobba systematisk for å forbetre oss på dei områda der NOKUT hadde merknader, og høgskulen har hatt positiv utvikling på mange område. Denne utviklinga er beskrive i den nye søknaden om status som universitet som er sendt til vurdering.

Aktuelt om universitetsprosjektet

Kontakt

Bilde av Anna Linnea Ottosen
Førsteamanuensis
E-post
anna.ottosen@inn.no
Telefon
+47 62 43 00 67