English version of this page

Organisering

Høgskulen i Innlandet er ein offentleg høgskule under Kunnskapsdepartementet. 

Styring

Høgskulen får rammer for verksemda frå departementet gjennom eit årleg tildelingsbrev og eit årleg styringsmøte. Vi får tildelt hovuddelen av inntektene våre gjennom statsbudsjettet.

Høgskulestyret er det øvste organet, med overordna ansvar for verksemda. Styret har medlemmar som er oppnemnde av departementet, og som er valde av og mellom tilsette og studentar. 

Rektor vert tilsett av høgskulestyret og leiar den faglege og administrative verksemda i det daglege.

Dagleg leiing

Rektor leiar drifta av høgskulen på mandat frå høgskulestyret, og møter styret i styremøter om lag ei gong kvar månad. 

Tre prorektorar for utdanning, forsking og samfunnskontakt utgjer høgskulens rektorat saman med rektor. Desse leier kvar sine avdelingar. 

Rektor si leiargruppe består av prorektorane og leiarar for høgskulens fakultet og administrative avdelingar. Rektor sin stab støtter rektoratet og leiinga i arbeidet.

Administrasjon

Høgskoleadministrasjonen består av fleire avdelingar som støtter og tilrettelegg for den faglege verksemda. Desse vert leia av avdelingsdirektørar.

Råd, nemnder og utvalg

Høgskulen har oppnemnt ei rekke råd, nemnder og utval som spelar sentrale roller i drifta av institusjonen.