English version of this page

Samarbeid med oss

HINN har ein ambisjon om å samarbeide tett med arbeids- og samfunnslivet, både i utdanningane våre og i forskinga og utviklingsarbeidet vårt.

HINN ønsker å vere ein pådrivar for utviklinga i Innlandet i samspel med omgivnadane våre, og gjennom samarbeid både med private og offentlege aktørar. Samarbeidet inkluderer alt frå omfattande partnarskapsavtalar til mindre enkeltprosjekt.

Høgskulen har eit breitt samarbeid med arbeids- og samfunnsliv på alle nivå i organisasjonen, og med mange ulike verksemder og organisasjonar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidet med eksterne miljø er på mange måtar ryggrada i forskings- og utdanningsverksemda vår.

HINN har i strategisk plan fram mot 2026 satt seg som mål å vere ein pådrivar i samfunnsutviklinga, der vi skapar ny kompetanse, innovative forskings- og utviklingsprosjekt og nye læringsmåtar i tett samspel med partnarar frå næringslivet, offentlege verksemder og frivillig sektor.