Ny rapport om kommunale arealstrategiar

Ny rapport gjev kommunar nye, gode verktøy når dei skal utvikle lokale arealstrategiar. 

Utsnitt av illustrasjon på framsida av rapporten. Utsikt over lynghei mot hav.
Foto: HINN

Rapporten er resultatet av eit samarbeid mellom Høgskolen i Innlandet (HINN) og UiT Noregs arktiske universitet som på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet har gjennomført eit pilotprosjekt knytt til bruk av arealstrategi i kommuneplanen sin samfunnsdel. Førsteamanuensis Aksel Hagen ved HINN har vore prosjektleiar for ei prosjektgruppe med i alt 6 forskarar frå HINN og UiT Noregs arktiske universitet.

I sluttrapporten blir erfaringar samanfatta og funn presentert.

Aksel Hagen seier: - Arealstrategi er eit nytt og viktig tema i kommuneplanen sin samfunnsdel. Det har vore interessant og givande og arbeide med prosjektet, og no gleder vi oss til å presentere resultata våre på Kommunal- og distriktsdepartementet si nasjonale konferanse 1. juni 2023.  

Omslag rapport Pilot arealstrategi
Sluttrapporten er levert til Komunal- og distriktsdepartementet.

Prosjektet har hatt som utgangspunkt at deltakarane i fellesskap, og på tvers av forvaltningsnivå, skulle utforska høva arealstrategien hadde til å forenkla arbeidet med arealdelen. Prosjektet omfattar eit kartleggings- og evalueringsarbeid, men også samarbeid om prosessleiing i kommunane. Eit siktemål har vore å testa ut om arealstrategien bidreg til å forenkla planarbeidet i små kommunar med store landbruks-, natur-, fritids- og reindriftsareal (LNFR)-område.

Deltakarar i pilotarbeidet har vore kommunane Namsskogan, Leka og Holtålen i Trøndelag, Lødingen, Grane og Hamarøy i Nordland, og Nordkapp og Karasjok i Troms og Finnmark.

Forskargruppa har også henta inn erfaringar og vurderingar om arealstrategiarbeid frå fylkeskommunane og statsforvaltarane i Troms og Finnmark, Trøndelag og Nordland, og dessutan Distriktssenteret.

Nyttige lenker

Kontaktinformasjon

Bilde av Aksel Hagen
Førsteamanuensis
E-post
aksel.hagen@inn.no
Telefon
+47 61 28 80 60
Av Gro Vasbotten
Publisert 28. apr. 2023 14:22 - Sist endret 28. apr. 2023 14:30