Nynorskseminaret 2024

Programmet for årets nynorskseminar er klart. Dette er ein fin møtestad for lærarar, lærarstudentar, lærarutdannarar, skoleleiarar og andre interesserte.

Bildet av ei tavle kor nokon har skreve Eg elskar nynorsk

Her får ein fagleg påfyll, og ein får møtt andre ein kan diskutere og dele erfaringar med. Det har i snitt vore femti deltakarar på kvart av dei tidlegare seminara, dvs. at det er stor sjanse for å treffe likesinna og kanskje nokon å kommunisere med også etter at seminaret er avslutta.

Ta gjerne med ein kollega!

Praktisk informasjon

Seminaret er gratis, men vi ber likevel om bindande påmelding sidan vi har tenkt å servere ein enkel lunsj.

Arrangørar: Høgskolen i Innlandet, Austmannalaget og Hamar dialekt- og mållag.

Påmelding sendast på e-post til Jens Haugan.

Program

Kl. 09:30 - 10:00: Kaffi/te utanfor auditoriet

Kl. 10:00 - 10:05: Velkommen v/Jens Skarkerud Haugan

Kl. 10:05 - 10:25 + diskusjon: Jens Skarkerud Haugan (Høgskolen i Innlandet; Hamar dialekt- og mållag): Korleis omtaler ein si eiga målform og den andre målforma? Finst det forskjellar mellom bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar?

Kl. 10:35 - 10:55 + diskusjon: Live Håberg (Universitetet i Søraust-Noreg): Eller “ho”, da. På nynorsk. Nynorsk i Elevkanalens undervisningsvideo “Ho eller henne?”

Kl. 11:05 - 11:20: Pause (kaffi må eventuelt kjøpast i kantina)

Kl. 11:20 - 11:40 + diskusjon: Kjetil Hope (Bjertnes vidaregåande skole, Nittedal): Effektiv nynorsklæring – korleis fokusere på kva som gjev rask læring i nynorsk

Kl. 11:50 - 12:10 + diskusjon: Silje Nathalie Luvåsen (Bjørnholt vidaregåande skole, Oslo; Hamar dialekt- og mållag): Å undervise nynorsk til minoritetselevar – erfaringar og deling av opplegg

Kl. 12:20 - 12:50: Lunsjpause - enkel servering med påsmurd mat + kaffi/te – elles er også kantina open

Kl. 12:50 - 13:10 + diskusjon: Siri Wathne Grøndahl (Lena ungdomsskole, Østre Toten): 2. verdskrig gjennom litteratur – deling av undervisningsopplegg 

Kl. 13:20 - 13:40 + diskusjon: Ida Jegteberg (Nynorsksenteret): Norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane

Kl. 13:50 - 14:05: Pause (kaffi og noko søtt utanfor auditoriet)

Kl. 14:05 - 14:25 + diskusjon: Isabella Rubie Pareliussen (Nynorsksenteret) Leselyst og nynorsk litteratur

Kl. 14:35 - 14:55 + diskusjon: Reidun Kydland (Nynorsksenteret): Jon Fosses tekstar i klasserommet

Kl. 14:55 - 15:00: Avslutning v/Jens Skarkerud Haugan

Kontaktperson

Bilde av Jens Skarkerud Haugan
Dosent
E-post
jens.haugan@inn.no
Telefon
+47 62 51 77 49

 

Vel møtt i auditorium 2 på studiested Hamar!

Arrangør

Hamar dialekt- og mållag, Austmannalaget og Høgskolen i Innlandet
Publisert 6. feb. 2024 10:14 - Sist endret 12. feb. 2024 14:06