Meir fysisk aktivitet gav ikkje betre karakterar

Det er ingen samanheng mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar, og berre så vidt nokon kopling mot psykisk helse. Det syner ei doktorgradsavhandling som avslutta eit stort forskingsprosjekt leia av HINN.

To gutter som leker

Å inneha god psykisk helse og ha det godt på skulen er vesentleg for unge folk si framtid. 

1.desember disputerte Ingeborg Barth Vedøy. Ho jobbar til vanleg på Seksjon for folkehelse på studiestad Elverum, men har dei siste åra sette seg føre å finne det faktiske forholdet mellom fysisk aktivitet og psykisk helse – og mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar.  

Dette har ho gjort som ein del av forskingsprosjektet «Skoler, læring og psykisk helse» som starta opp i 2015.

Med millionstønad frå Norges forskningsråd blei prosjektet avslutta rett før jul.

– Vi har likevel ein plan om å fortsette arbeidet som ein del av høgskulen si forskingsgruppe «Critical Public Health Research Group» og publisere artiklar frå data vi allereie har samla inn gjennom dette prosjektet, seier Miranda Thurston, som har leia arbeidet i forskingsprosjektet.

Ingeborg si avhandling var den siste av tre Ph.d.-ar i tillegg til fleire artiklar som har komme ut av prosjektet. 

Portrettbilde av Miranda Thurston
LEIAREN: Miranda Thurston har leia det stor forskingsprosjektet i regi av HINN

Mental helse i skulen

Prosjektet «Skoler, læring og psykisk helse» har blitt gjennomført i samarbeid med Norges idrettshøgskole, Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet, i tillegg til University of Chester og Loughborough University i England.

Fokuset har vore ungdom i 8. til 10. klasse (12-16 år) i ungdomsskulen i Noreg og spørsmåla som blei stilt i prosjektet var: Korleis er spesifikke aspektar ved skulegangen knytt til psykisk helse, og kva er konsekvensane for barna sine akademiske prestasjonar?

Skular har nemleg sterk innverknad ikkje berre på barn og unge sine moglegheiter for utdanning, men også på deira mentale helse. 

Og ikkje minst - ungdomstida er ei viktig tid. Det er overgangen frå ung til voksen og ei tid der dei unge blir forma på mange ulike måtar.

Ingen samanheng

Tre damer inntil en vegg med blomster i hendene
STIPENDIATER: Både Linda Røset og Ellen Nesset Mælan var på Ingeborg Barth Vedøy si disputas i desember (Foto: Miranda Thurston)

Alle dei tre Ph.d.-stipendiatane på prosjektet har utforska sentrale tema som psykisk helse og velferd sett opp mot skule, læring og akademisk prestasjon og fysisk aktivitet.

Ingeborg Barth Vedøy disputerte på Norges Idrettshøgskole. Ho gjekk djupare inn i det faktiske forholdet mellom fysisk aktivitet og psykisk helse – og mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar. 

Ho granska desse samanhengane over tid og kan slå fast at biletet er svært samansett.

– Dette er jo ikkje så eintydig, men ein kan i alle fall slå fast at det ikkje finst nokon slik klar samanheng mellom mengde eller intensitet av fysisk aktivitet og psykiske problem, som fleire tidlegare studiar har vist. Og heller ikkje motsett, mellom mykje stillesitting og psykiske problem, seier ho og legg til: – I alle fall er det konklusjonen i friske grupper.

Ho følgde 600 ungdomsskuleelevar frå 11 skular på Aust- og Vestlandet over tre heile år, frå 2016 til 2018. Ungdomane var 12 til 16 år gamle.

Imidlertid ser det ut til å vera ein positiv samanheng mellom stillesitjande tid og psykisk well-being hos gutar, samt mellom fysisk aktivitet og psykisk well-being hos jenter.

Desse resultata understøttar moglegheita for at fysisk aktivitet kan ha ulik betydning for ulike indikatorar på psykisk helse, og at mengda og intensiteten av fysisk aktivitet i liten grad ser ut til å ha betydning for psykiske problem og skuleprestasjonar hos elles friske ungdommar.

Utvikla kompetanse for framtida

Å inneha god psykisk helse, samt oppnå gode skuleprestasjonar er eit vesentleg premiss for ungdommar si framtid. 

Skulen er jo ein viktig arena i liva til barn og unge og eit viktig mål for prosjektet har vore å overføre funn til politikken og praksisfeltet på ein effektiv måte. 

– Kunnskapen frå dette prosjektet kan være eit viktig bidrag for både politikarar og yrkesutøvarar, seier leiaren for det heile, Miranda Thurston.

Men det er meir som er positivt med prosjektet.

– Kanskje det viktigaste med dette prosjektet har vore at den kompetansen vi har utvikla i samarbeid med partnerane våre har lagt grunnlaget for framtidige prosjekt og publikasjonar. Slik sett er ikke prosjektet slutta. Det vil fortsette, seier Thurston.

Kontakt:

Miranda Thurston, prosjektleiar

E-post: miranda.thurston@inn.no

Telefon: 62 43 02 76 / +44 755 796 7046

Ingeborg Barth Vedøy, stipendiat

E-post: ingeborg.vedoy@inn.no

Mobil: 91 53 49 51 / 62 43 03 45

Emneord: psykisk helse, skole, utdanning Av Ole Martin Ringlund
Publisert 10. jan. 2022 09:37 - Sist endret 11. jan. 2022 07:59