English version of this page

Vil du samarbeide med oss?

INN samarbeider tett med arbeids- og samfunnslivet, både i utdanningane våre og i forskinga og utviklingsarbeidet vårt. Kanskje kan vi òg hjelpe di verksemd gjennom til dømes studentsamarbeid, vidareutdanning, innovasjon og forskingsprosjekt.

Mange studenter som sitter tett i tett i et amfi ute på studiested Lillehammer ved studiestart, noen grønne blader i forgrunnenn

Bli kjend med og bruk studentane våre

Vi har ein ambisjon om at fleire av studentane skal bli verande i regionen etter fullførte studiar. Sjansen for at dei vel Innlandet er større dersom dei blir kjende med arbeidslivet allereide medan dei studerer.

Mange av studieprogramma våre har god kontakt med arbeidslivet, for eksempel gjennom praksisperiodar. Samtidig trur vi at det finst eit uutnytta potensial – mellom anna gjennom samarbeid om prosjektoppgåver, bachelor- og masteroppgåver.

Ønskjer du å bli betre kjend med studia og studentane våre? Sjå oversikta over fagmiljøa våre ved å følgje lenka nedanfor – og ta kontakt!

Sju blide studenter sitter på rekke i en forelesningssal, noen med pc, andre med penn og notatbok. Studenter skimtes også på rekkene foran og bak.

Samarbeid med studentar i organisasjon og ledelse

Institutt for organisasjon, ledelse og styring har mykje erfaring og etablerte rutinar for studentsamarbeid, og er opne for fleire samarbeid. Dei har studenter innan reiseliv, sport management, organisasjon, innovasjon og ledelse. Sjå meir om moglegheiter og korleis dei jobbar.

Ei gruppe menneske er på eit møterom i profesjonelle kleder. Foto: Colourbox

Få ny kompetanse hos oss

Vi har mange samarbeid med arbeidslivet når det gjeld vidareutdanning og kompetanseheving. Les meir og ta kontakt for å diskutere moglegheiter.

Illustrasjonsbilde av en dame som snur seg mot kamera mens de to ved siden av har oppmerksomheten rettet mot en mann som skriver på en tavle.

Vi hjelper Nav med forsking og utdanning

Gjennom relevante forskingsprosjekt, utdanningstilbod og aktuelle arrangement bidreg vi til innovasjon og utvikling av tenestene i Nav.

Aktuelt om samarbeid

Tre personer holder fire tannhjul sammen som demonstrerer samarbeid. Foto: Colourbox

Samarbeid for regional utvikling

Gjennom samarbeid med samfunns- og næringsliv i heile Innlandet, er INN ein pådrivar for ny kunnskap og nye løysingar som bidreg til regional utvikling. Våre studiestader er lokaliserte i fem ulike vertskommunar.

Våre kompetanse-, lærings- og forskingssenter

Ved INN er det fleire senter som spesialiserer seg innan enkelte fagfelt for å fremme vekst og kompetanse samt utvikle tilbod til ulike verksemder:

Kompetansesenter for offentlig innovasjon (KOI)

Kompetansesenter for offentlig innovasjon (KOI) bygger bru mellom forsking, utdanning og praksis. Senteret bistår kommunar, fylkeskommunar og statlege aktørar med å sette i gang innovasjons- og utviklingsprosjekt i eiga verksemd. KOI har blant anna det faglege ansvaret for den nasjonale innovasjonsskolen for kommunesektoren og for samarbeidsavtalen mellom universitetet og NAV.

PROTECT – Senter for beredskap og krisehåndtering

Senter for beredskap og krisehåndtering (PROTECT) ved Universitetet i Innlandet er lokalisert på studiestad Rena. Her er det ekspertar i kriseleiing, realistisk trening og med tverrfagleg tilnærming. PROTECT er landets fremste forskingsmiljø for kriseleiing med eit nært samarbeid med andre relevante senter i heile Noreg.

Senter for digitalisering og bærekraft (CREDS)

Senter for digitalisering og bærekraft (CREDS) er INNs forskingssenter for digitalisering og berekraft. Senteret har som mål å bidra med relevant og ny innsikt i korleis verksemder kan omstille seg til den berekraftige og digitale utviklinga som er forventa av samfunnet i dag.

Senter for livslang læring (SELL)

Senter for livslang læring (SELL) bistår verksemder med kompetanseutvikling. SELL utviklar og tilbyr tilpassa kurs og studiar som kan kombinerast med jobb, med bruk av relevante og effektive læringsmetodar.

Senter for praksisrettet utdanningsforskning (SePU)

Senter for praksisrettet utdanningsforskning (SePU) driv med forskings- og forbetringsarbeid i og for barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring. SePU bidreg med forskingsbasert og praksisorientert kunnskap i lærar- og leiarutdanningar frå grunnutdanning til phd-nivå.

Senter for samarbeidslæring for bærekraftig utvikling (CCL)

Senter for samarbeidslæring for bærekraftig utvikling (CCL) styrkar og vidareutviklar ny tverrfagleg didaktikk til undervising og utdanning for berekraftig utvikling. Fokus er på aktive læringsformer, tverrfaglegheit, forbruk, livsstil og sosial læring. CCL gir innspel til læreplanar, utviklar undervisingsmateriell, deltek i samfunnsdebatten, og gir faglege råd om utdanningspolitikk til styresmakter og organisasjonar.

Østlandsforskning

Østlandsforskning er eit samfunnsvitskapeleg forskingsinstitutt. Instituttet tilbyr forsking og kunnskapsbaserte utgreiingar og evalueringar innan fleire fagområder. For tidea finner du framleis mykje informasjon på www.ostforsk.no.

Forsvarspersonell er ute på vinteren med grønne uniformer. Foto: Høgskolen i Innandet

Samarbeid med Forsvaret

INN har tett kontakt med Forsvaret gjennom vårt fagmiljø for beredskap og krisehandtering, og gjennom relevante utdanningar som bidreg til auka kompetanse og spesialisering for forsvarspersonell.

En hånd holder et papirfly som peker mot en globus

Internasjonalt samarbeid

INN er også ein global aktør. Nettverka og initiativa våre strekk seg frå EU-prosjekt til utdanningsarbeid i fleire verdsdelar. Vi er blant anna stolte medlem av universitetsalliansen Emerge.

En forsker sitter på et laboratorium med blå hansker og vernebriller. Foto: Colourbox

Forske saman?

Vi ynskjer at forskinga og det kunstneriske utviklingsarbeidet vårt skal opplevast relevant for arbeids- og næringsliv, og vi er alltid opne for nye samarbeidspartnarar. Sjå aktuell forsking ved INN og kva vi tilbyr av tenester.

Kontakt oss

Bilde av Ine Wigernæs
Prorektor Samfunnskontakt
Bilde av Marit Sletmoen
Prorektor Forskning
Bilde av Vebjørn Horsfjord
Prorektor Utdanning