English version of this page

Om universitetet

Ved Universitetet i Innlandet (INN) tilbyr vi fleksible utdanningar ved seks ulike studiestader. I tillegg til gradsstudia på bachelor-, master- og doktorgradsnivå har universitetet eit bredt tilbod av årsstudier og kortare kurs som svarer på samfunnet sine behov for livslang læring.

HINNs studiesteder (Foto: HINN)
Universitetet i Innlandet sine studiesteder. Frå venstre oppe: Blæstad, Elverum og Evenstad. Nederst frå venstre: Hamar, Lillehammer og Rena. (Foto: Universitetet i Innlandet)

Universitet i Innlandet (INN) vart etablert 8. november 2024 av Kongen i statsråd. Verksemda vår er lokalisert på studiestadene Blæstad, Elverum, Evenstad, Hamar, Lillehammer og Rena. I tillegg tilbyr vi undervisning i Kongsvinger og på Tynset.

Forskinga ved INN er tett knytt til utdanningane. Slik blir utdanningane forskingsbaserte samtidig som universitetet bidreg med ny kunnskap på viktige samfunnsområde. Ein praksisnær forskingsprofil legg grunnlag for eit kunnskapsbasert arbeidsliv og innovasjonar.

Nasjonalt og internasjonalt samarbeid styrkar utdanningsprogram og forsking. INN tilbyr engelskspråklege program som tiltrekkjer seg studentar frå mange land, samtidig som stadig fleire av våre studentar tek deler av utdanninga si ved ein utanlandsk institusjon.

INN er ein viktig kompetanseinstitusjon i regionen, og samarbeider aktivt med arbeids- og samfunnsliv i Innlandet. Vi driv og ei omfattande oppdragsverksemd som svarar på regionale og nasjonale behov for etter- og vidareutdanning, og som gjennom forskingsoppdrag bidrar med ny viten om konkrete utfordringar i arbeids- og samfunnsliv.

INN har tett samarbeid med Studentorganisasjonen i Innlandet (STINN) og med Studentsamskipnaden i Innlandet (SINN) om studentane sitt studie- og læringsmiljø og studentvelferd.

En kloss med et symboler plasseres i fersk jord ved siden av to andre klosser med symboler for bl.a. resirkulering

Bærekraft ved INN

Universitetet er en stor virksomhet med betydelig påvirkning på klima- og miljø. Derfor har vi også ambisjoner om å redusere fotavtrykket vårt, blant annet gjennom en handlingsplan for bærekraft. 

Status som universitet

Høgskolen i Innlandet fikk ny status 8. november 2024, og er nå Universitetet i Innlandet.

Tre studenter sitter ved et bord i biblioteket. Pc, notatbøker, vannflaske på bordet.

INN og kunstig intelligens

INN bidrar i forskning på KI, underviser i KI – og våre ansatte og studenter får råd om hvilke verktøy de kan ta i bruk på hvilken måte.

Nøkkeltal for INN (2025)

Antall studentar: 15 257

Antall årsverk: 1 209

Publiseringspoeng: 783,32

Publiseringspoeng per fagleg stilling: 1

Doktorgradsprogram: 6

Tala er henta frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH)

Undervisningsstader