Kva skal sentralbanken drive med?

Det er ikkje ofte sentralbanken får så mykje merksemd som den gjør nå om dagen. Slik sett treff stipendiat Ingrid Hjertaker godt med temaet på doktorgradsarbeidet sitt. 

Portrettbilde av Ingrid Hjertaker

AKTUELL: Stipendiat Ingrid Hjertaker skriv doktorgrad om endringar i sentralbankers makt over tid. (Foto: Siv Dolmen)

Plutseleg var sentralbanken eit vanleg samtaleemne rundt norske lunsjbord. 

"Alle" har fått med seg at tidlegare statsminister og NATO-sjef, Jens Stoltenberg, har søkt jobben som ny sentralbanksjef.

Og "alle" har eit syn på om han bør snappe jobben føre bankens eiga Ida Wolden Bache.

Det har vore mykje prat om politiske bindingar i denne debatten, men ein stipendiat på Høgskolen i Innlandet meiner diskusjonen bør løftast vidare enn det.

Unik moglegheit

KRONIKK: Kva slags rolle skal sentralbanken ha i åra som kjem? Det spørsmålet stillar Ingrid Hjertaker i ein kronikk i Dagens Næringsliv.

Ingrid Hjertaker skriv doktorgrad om endringar i makta til sentralbankar over tid.

Snakk om å forska på noko aktuelt.

– Sentralbankhistoria syner oss at ein politisk bakgrunn som den Jens Stoltenberg har, slett ikkje treng diskvalifisere han. Men det langt viktigare spørsmålet er om han er rette kandidat til å ta Norges Bank inn i framtida, skriv Hjertaker i ein kronikk som blei publisert i Dagens Næringsliv denne veka.

Ho meiner altså at debatten rundt tilsetjinga av ny sentralbanksjef har hatt eit for snevert fokus på sjølvstende til no.

Det er andre ting som bør løftast fram, meiner ho.

 Så sjeldan som sentralbank og pengepolitikk blir toppsak i det offentlege ordskiftet, er dette eit tapt høve til å diskutere kva slags sentralbank vi treng for å møte dei økonomiske utfordringane som venter norsk økonomi i tiåra framover, og kven som då er best skikka til å leie den, skriv ho.

Finanskrisa endra rolla til sentralbanken

Hjertaker skriv vidare i kronikken i DN at finanskrisa i 2008 viste at sentralbankane ikkje hadde fått med seg den enorme finansbobla som var i ferd med å bygge seg opp.

Dei var ikkje godt nok førebudde, og måtte endre seg.

– Sentralbankane måtte igjen fokusere på å handtere kriser og sikre økonomisk vekst, og innsåg raskt at renteverktøyet ikkje var nok. Sentralbankane byrja med storstilt innovasjon i såkalla «ukonvensjonell pengepolitikk», skriv stipendiaten.

Kva slags rolle skal sentralbanken ha i åra som kjem? Kva vil vi at Norges Bank skal vera framover? Dette er spørsmål Ingrid Hjertaker meiner er viktigare å diskutere enn mykje anna når ein skal tilsetje ny sentralbanksjef. 

Så til spørsmålet "alle" lurar på - kven bør bli ny sentralbanksjef?

Det spørsmålet fekk Hjertaker da ho var gjest på Politisk kvarter på NRK P2 denne veka.

Kva ho svarte? Det kan du høyre her: Politisk kvarter på NRK P2

Kontakt:

Ingrid Hjertaker, stipendiat

E-post: ingrid.hjertaker@inn.no

Telefon: 90 79 17 10

Emneord: sentralbanken Av Ole Martin Ringlund
Publisert 19. jan. 2022 11:03 - Sist endret 9. feb. 2022 12:41