English version of this page

Vi har fått status som universitet

8. november 2024 vart Universitetet i Innlandet oppretta av Kongen i statsråd. Her finn du informasjon om kvifor høgskulen har ynskja universitetsstatus og om korleis prosessen har vore.

Kvifor ynskja høgskulen å verte universitet?

  • Sektoren vår vert stadig meir internasjonal, med aukande konkurranse mellom institusjonar om samarbeidsprosjekt, forskingsmidlar og rekruttering av medarbeidarar og studentar.
  • Ein status som universitet vil gjere det tydelegare at vi er ein institusjon med høg kvalitet i undervisning og forsking, og at dette vil gjere oss meir attraktive som institusjon og samarbeidspartnar.
  • Det vil vere viktig for Innlandet som region. Status som universitet gir store ringverknader og moglegheit for samarbeid med nærings- og arbeidsliv.  
  • Vi trur at det vil bidra til å inspirere og løfte den faglege aktiviteten vår, og bygge stoltheit internt.
Mange studenter som sitter tett i tett i et amfi ute på studiested Lillehammer ved studiestart, noen grønne blader i forgrunen

Korleis vert ein høgskule universitet?

  • Det vert stilt ei rekke krav for å få status som universitet.
  • Vi har over tid jobba aktivt for å styrke den faglege kvaliteten vår på alle område, slik at vi kan innfri krava. Ein søknad om akkreditering vart sendt 12. desember 2022.
  • Søknaden vart sendt til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Ein sakkunnig komité utnevnt av NOKUT konkluderte i juni 2024 med at høgskulen innfrir dei krava som gjeld. I september 2024 har NOKUT sitt styre handsama saka og at det vert gitt akkreditering.
  • Endring av status frå høgskule til universitet, vart formelt avgjort av Kongen i statsråd 8. november 2024.
Kollasje satt sammen av lekne portrettbilder av seks ansatte.

160 år i nytt universitet

Universitetet i Innlandet er nytt, men røttene er lange og sterke. Takket være de mange som trofast har vært på jobb for studentene, kollegaene og samfunnet rundt oss i år etter år.

En kake med påskriften Gratulerer som universitet

Gratulasjoner

Mens vi er mest opptatt av å gratulere Innlandet, strømmer det på med gratulasjoner til Universitetet i Innlandet også. Vi setter pris på og takker for alle sammen!

Aktuelt om universitetsprosjektet

Kontakt oss

Bilde av Peer Jacob Svenkerud
Rektor
E-post
peer.svenkerud@inn.no
Telefon
+47 62 43 04 06