– Universitetet vil vera ein styrke for regionen

Leiarane for viktige delar av samfunnsliv og næringsliv i Innlandet trur det nye universitetet vil ha mykje å seia for regionen i åra som kjem. 

Bilete av generalmajor Lars Lervik under eit intervju med NRK der han har på seg uniform med ei rekkje utmerkingar

KLAR MELDING: Generalmajor og hærsjef Lars S. Lervik er klar på at Universitetet i Innlandet er viktig for Forsvaret, og stadane dei held til i Innlandet, i åra som kjem.

Foto: Sondre Mosdal/Forsvaret
Av Ole Martin Ringlund
Publisert 4. des. 2024 10:45 - Sist endret 12. des. 2024 09:43

Sitatet i toppen av denne saka her kjem frå generalmajor og sjef for Hæren i Noreg, Lars S. Lervik. 

Han meiner det 11. universitetet i landet vil gjera Forsvaret endå betre.

– At høgskulen har innfridd krava for å bli eit universitet vitnar om ein stor kompetanse og kvalitet i utdanninga i regionen. Gjennom kompetanseheving blir samarbeidet styrkt mellom sivile og militære aktørar, seier Lervik.

– Vi gratulerer universitetet med denne milepælen!

Dekker kompetansebehovet i framtida

Forsvaret er ein sentral aktør i fleire av kommunane Universitetet i Innlandet har studiestader, mellom anna på Rena og i Elverum.

Forsvaret samarbeider allereie tett med høgskulen, men dette vil berre forsterka seg no, meiner hærsjefen.

– For forsvaret og hæren betyr eit universitet i regionen ei styrking av moglegheitene for kompetanse- og kunnskapsutvikling. Universitetet kan tilby fagleg påfyll i tråd med behova våre, seier Lars S. Lervik.

Soldater stilt opp på en stor asfaltplass i Rena leir
At forsvaret er massivt til stades i vår region visar mellom anna dette bilete frå ei oppstilling av soldatar i Rena leir.
(Foto: Johanne Søstuen/Forsvaret)

Generalmajor Lervik ser fram til å halda fram det gode samarbeidet innan utdanning, forsking og utviklingsarbeid.

– Universitetet kan bidra gjennom tilbod om vidareutdanning og spesialiserte kurs for våre tilsette. Dette gir høve til å utvikla og innføra skreddarsydde løysingar som kan dekkja behovet i framtida for kompetanse, på tvers av ulike sektorar. Dette kan bidra til å behalda personell i forsvaret/hæren over lengre tid, trur Lervik. 

– Kva trur de ein universitetsstatus kan bety for Innlandet som region? 

– Det vil gjera Innlandet meir attraktivt for både studentar og arbeidstakarar, og bidra til å behalda kompetanse i regionen. For Forsvaret er dette positivt sett opp mot rekruttering og busetjing.  

Sterkare saman

Hærsjefen i Noreg er ikkje åleine om å meina dette.

Inn.no har teke kontakt med nokre av dei store aktørane i regionen vår, og spurt dei om kva dei trur konsekvensane av universitetsstatusen kan vera.

Det er ein samstemd gjeng som tenker høgt om det som no har skjedd.

Morten Kristiansen i gul refleksjakke inne på området til Moelven industrier
Konsernsjef i Moelven Industrier, Morten Kristiansen, sier at eit konkurransedyktig næringsliv må utvikla eigen kompetanse. Der vil universiteta i Innlandet ha ei viktig oppgåve i åra framover.
(Foto: Moelven)

– I Innlandet er vi ofte litt overkant beskjedne til tider, og det å ta steget opp i universitetsklassen gjer at vi kan vera endå litt meir stolte og rake i ryggen, seier konsernsjef Morten Kristiansen i ein av Innlandets største bedrifter – Moelven Industrier.

Han er ikkje den einaste Kristiansen som ser at Innlandet kan få mykje bra ut av at høgskulen har komme seg over lista og vorte Universitetet i Innlandet.

– Det vil gje auka status for regionen, det vil bidra til at fleire vil søkja seg til høgare utdanning, som også vil sikra Innlandet høgt kvalifisert arbeidskraft. Kompetanse vi treng for framtidig jobbskaping og grøn verdiskaping, seier regiondirektør i NHO Innlandet, Jon Kristiansen. 

Han meiner det er heilt avgjerande for medlemsbedriftene hans og næringslivet i Innlandet at regionen har utdanningsinstitusjonar i den øvste divisjonen. Det meiner Moelven-sjefen òg.

Regiondirektør i NHO Innlandet Jon Kristiansen sitter med blå skjorte foran en grønnaktig vegg
– Eit universitet er viktig for utviklinga av Innlandet! Det er den klare meldinga frå regiondirektør i NHO Innlandet, Jon Kristiansen.
(Foto: Moment Studio)

– Med NTNU godt etablert, og no med Universitetet i Innlandet, ligg det mange moglegheiter som må gripast framover. Dette bør bidra til ytterlegare vekst og utvikling i regionen, seier Morten Kristiansen. 

Administrerande direktør for Sykehuset Innlandet stemmer i – ein institusjon som er ein viktig samarbeidspartnar for universitetet innan utdanning og forsking.

– Mange har jobba målretta over mange år for å oppnå universitetsstatus, og dette styrkjer posisjonen til regionen innan kompetanse og utdanning, meiner Alice Beate Andersgaard.

Universitetet i Innlandets visjon er «Sterkare saman». Det betyr at vi vil byggja universitetet i tverrfaglege fellesskap, saman med samfunns- og arbeidsliv rundt oss, og vere ein pådrivar i samfunnsutviklinga i Innlandet. 

Vil styrke kompetansemiljøa

POrtrettbidle av Kristin Malonæs mot en brun-grå bakgrunn
Kristin Malonæs, adm.dir. i Geno, leiar ei bedrift som konkurrerar mot andre avlsselskap i heile verda.
(Foto: Geno)

Ei av bedriftene høgskulen har samarbeidd mykje med opp gjennom åra, mellom anna på forsking innan bioteknologi, er avlsselskapet Geno i Stange.

Ein av dei verkeleg store aktørane innan avl på storfe. 

– For oss som internasjonal kompetansebedrift i global konkurranse, er samspel med kunnskapsmiljø avgjerande for at vi skal lykkast med innovasjon, vekst og rekruttering av rett kompetanse, seier administrerande direktør, Kristin Malonæs. 

Og ho held fram.

 – Overgangen frå høgskule til universitet er viktig for å sikra kunnskapsproduksjon i verdsklasse i framtida, og for at miljøet framleis skal kunna spela ei rolle i partnarskapet med næringslivet. 

Forskingssamarbeid er viktig. Og det å tilby utdanningar det er behov for i Innlandet er viktig.

Det er skognæringa i Innlandet oppteke av. Kompetansebehovet i skogbruket aukar stadig.

– Universitetet vil bidra med å utdanna morgondagens arbeidstakarar og forskarar som vi er avhengige av for å vidareutvikla skogbruket i framtida, seier administrerande direktør i Glommen Mjøsen Skog, Gudmund Nordtun, til inn.no.

Gudmund Nordtun i blå jakke ute i skogen på vinteren med snø
Skognæringa drar nytte av forsking frå høgskulen i dag, og sjefen i Glommen Mjøsen Skog, Gudmund Nordtun, trur ein universitetsstatus ikkje vil rokke ved det. Snarare tvert om.
(Foto: Silje Ludvigsen/Glommen Mjøsen Skog)

Han er tydeleg på at det som no har skjedd er viktig for næringa deira.

 – Ein sterk utdanningsinstitusjon i regionen kan bidra til at vi får fleire kandidatar utdanna til næringa vår i vårt eige distrikt, noko som gjer det lettare å rekruttera dei fagfolka vi treng for å møta utfordringane i framtida.

Forsking + utdanning = sant

Også landbruket og bondeorganisasjonane i Innlandet trur dei kan dra nytte av at regionen har fått eit nytt universitet.   

Elisabeth Gjems med bonde-t-skjorte ute på et jorde
Leiar for mange av bøndene i Innlandet, Elisabeth Gjems, meiner dei vil dra nytte av det som har skjedd. 
(Foto: Bondelaget)

Dei óg er avhengige av at studietilboda, som næringa treng, blir vidareutvikla.

– Det at Innlandet no har ei landbruksfagleg utdanning på universitetsnivå, kombinert med den gode praktiske opplæringa som gjer at ho skil seg frå tilsvarande tilbod, vil gjera at eit allereie populært utdanningstilbod kan få endå høgare status, trur leiar i Innlandet Bondelag, Elisabeth Gjems.

– Vi er det største landbruksfylket, og er eit kraftsenter innan avlsforsking og framtidsretta landbruksteknikk. Samla sett styrkar vi posisjonen som matregion nummer ein no, held ho fram.

– Korleis kan Moelven Industrier dra nytte av universitetet? 

– For å ha eit konkurransedyktig næringsliv må vi utvikla vår eigen kompetanse. Moelven treng dyktige økonomar, marknadsførarar, seljarar, ingeniørar og fagarbeidarar. Endå større tyngd i dei akademiske fagmiljøa er bra for heile regionen og næringslivet som skaper arbeidsplassane, seier Morten Kristiansen.

Vi lèt han som leier organisasjonen som samlar store delar av bedriftene i Innlandet under ein paraply, nemleg regiondirektør i NHO, Jon Kristiansen, avslutta denne saka.

– Eit godt og langsiktig arbeid for universitetsstatus har gitt ein stor viktig siger for Innlandssamfunnet. Det er heilt avgjerande for oss at regionen har gode utdanningsinstitusjonar. Eit universitet er viktig for utviklinga av Innlandet!

Emneord: universitet, innlandet, næringsliv, samfunnsliv