Eit gjentakande tema var behovet for strukturar og institusjonell forankring for å auke mobilitet og samarbeid utover landegrensene.
– Internasjonalisering skjer ikkje av seg sjølv, det krev både engasjement blant tilsette og god forankring i institusjonen, stadfestar Gunhild Tomter Alstad, dekan ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk.
Den 28. oktober arrangerte Universitetet i Innlandet (INN) og Direktoratet for høyere utdanning og komptanse (HK-dir) eit seminar på studiestad Hamar. Målet var å verte klokare kring kva som må til for å sikre at framtidige lærarar får den interkulturelle kompetansen som er naudsynt i skiftande tider.
Seminaret inkluderte innlegg frå INN og HK-dir, perspektiv frå ulike institusjonar, gruppediskusjonar og paneldebatt.

– Det er mål om å integrere internasjonalisering i alle studieprogram og eit ønske om at studentar skal på utveksling, og kanskje dette er noko spanande som òg kan føre til auka rekruttering til lærarutdanningane, seier Gro Tjore, assisterande direktør i HK-dir.
Til tross for klare politiske ambisjonar om å styrke internasjonalisering i sektoren, er det ingen hemmelegheit at dette er særleg utfordrande i lærarutdanningane då desse er styrte av rammeplanar.
God praksis på tvers av institusjonar
– Internasjonalisering kan ikkje berre vere avhengig av ildsjelane, det må inn i studieprogramma, seier Olav Ruus, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
HVL har blant anna innført attesten "Certificate of International Learning", og dei har to emner om interkulturell kompetanse som studentar deltek i før og etter utveksling.
Denne typen bevisstgjering og målretta forankring vart løfta fram som viktig i fleire diskusjonar gjennom dagen, då det er naudsynt for å førebu studentar og få mest ut av opphald utanlands.

Det er ei felles utfordring på landsbasis at studentar i lærarutdanningane reiser mindre på utveksling, og særleg på semesterutveksling.
– Ved å fokusere på korttidsopphald, COIL, BIP og nettbaserte emner, så hjelper det oss med å oppretthalde tilbod, fortel førsteamanuensis Finn Aarsæther ved OsloMet.
COIL står for "Collaborative Online International Learing" og BIP for "Blended Intensive Programme". Ein generell trend er at kortare opphald og nettbaserte kurs er meir populære, og dei er òg enklare å integrere i studieprogramma for lærarar som elles har nokså rigide strukturar.

INN har jobba mot internasjonalisering i lærarutdanningane over fleire tiår. Dette inkluderer lange samarbeid i nord-sør-nettverket SANORD, nyleg løyving til prosjektet GLOMIND som sikrar gjensidigheit i tilboda mellom INN og partnarar i Namibia og Sør-Afrika, og ein ambisjon om å lage felles utdanningsprogram for lærarar i universitetsalliansen EMERGE.
Ved å inkludere lektorutdanninga i EMERGE, er INN så langt den einaste institusjonen i landet som har innført ei profesjonsutdanning i ein europeisk universitetsallianse.
Det er altså mykje godt arbeid på tvers av institusjonar som handlar om tilpassing og utvikling av tilbod, for å sikre at internasjonalisering held seg på agendaen for lærarar. Og forhåpentlegvis vert dette arbeidet flytta frå ildsjelar til strukturar i tida framover.
Les meir om internasjonalisering:
- GLOMIND: Løyving til prosjekt om gjensidigheit
- CERiTE-konferansen 2025
- SANORD-nettverket
- Universitetsalliansen EMERGE
Kontaktinformasjon:
- E-post
- gunhild.alstad@inn.no
- Telefon
- +47 62 51 77 75