Korleis lukkast me med internasjonalisering for lærarstudentar?

Universitetet i Innlandet var vertskap og medarrangør då det var duka for seminar om internasjonalisering i lærarutdanningane med HK-dir. 

fem voksne mennesker står oppstilt og smiler til kameraet

HK-dir og INN arrangerte eit innhaldsrikt og inspirerande seminar om internasjonalisering i lærarutdanningane. Frå venstre: Jon Gunnar Mølstre Simonsen, Aase Bergmann, Ingvild Hope, Gunhild Tomter Alstad og Gro Tjore. Foto: Espen Kristiansen / INN

Av Hedda Smedbold
Publisert 29. okt. 2025 12:04 - Sist endret 31. okt. 2025 09:33

Eit gjentakande tema var behovet for strukturar og institusjonell forankring for å auke mobilitet og samarbeid utover landegrensene.

– Internasjonalisering skjer ikkje av seg sjølv, det krev både engasjement blant tilsette og god forankring i institusjonen, stadfestar Gunhild Tomter Alstad, dekan ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk.

Den 28. oktober arrangerte Universitetet i Innlandet (INN) og Direktoratet for høyere utdanning og komptanse (HK-dir) eit seminar på studiestad Hamar. Målet var å verte klokare kring kva som må til for å sikre at framtidige lærarar får den interkulturelle kompetansen som er naudsynt i skiftande tider.

Seminaret inkluderte innlegg frå INN og HK-dir, perspektiv frå ulike institusjonar, gruppediskusjonar og paneldebatt.

Gunhild taler foran en forsamling
Dekan og professor Gunhild Tomter Alstad haldt eit innlegg om kva institusjonelle grep som fremmer internasjonalisering, basert på erfaringar og framtidsutsikter ved INN. Foto: Espen Kristiansen / INN

– Det er mål om å integrere internasjonalisering i alle studieprogram og eit ønske om at studentar skal på utveksling, og kanskje dette er noko spanande som òg kan føre til auka rekruttering til lærarutdanningane, seier Gro Tjore, assisterande direktør i HK-dir.

Til tross for klare politiske ambisjonar om å styrke internasjonalisering i sektoren, er det ingen hemmelegheit at dette er særleg utfordrande i lærarutdanningane då desse er styrte av rammeplanar.

God praksis på tvers av institusjonar

– Internasjonalisering kan ikkje berre vere avhengig av ildsjelane, det må inn i studieprogramma, seier Olav Ruus, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

HVL har blant anna innført attesten "Certificate of International Learning", og dei har to emner om interkulturell kompetanse som studentar deltek i før og etter utveksling.

Denne typen bevisstgjering og målretta forankring vart løfta fram som viktig i fleire diskusjonar gjennom dagen, då det er naudsynt for å førebu studentar og få mest ut av opphald utanlands.

Gro taler ved talestol
Assisterande direktør i HK-dir, Gro Tjore, haldt eit innlegg om kva direktoratet kan bidra med tilknytt nasjoale strategiar og prioriteringar. Foto: Espen Kristiansen / INN

Det er ei felles utfordring på landsbasis at studentar i lærarutdanningane reiser mindre på utveksling, og særleg på semesterutveksling.

– Ved å fokusere på korttidsopphald, COIL, BIP og nettbaserte emner, så hjelper det oss med å oppretthalde tilbod, fortel førsteamanuensis Finn Aarsæther ved OsloMet. 

COIL står for "Collaborative Online International Learing" og BIP for "Blended Intensive Programme". Ein generell trend er at kortare opphald og nettbaserte kurs er meir populære, og dei er òg enklare å integrere i studieprogramma for lærarar som elles har nokså rigide strukturar.

Mange mennesker er samlet i et møterom og følger med på en presentasjon
Fleire institusjonar for høgare utdanning var representerte på seminaret, og det var konstruktive diskusjonar rundt godt blanda bord. Foto: Espen Kristiansen / INN

INN har jobba mot internasjonalisering i lærarutdanningane over fleire tiår. Dette inkluderer lange samarbeid i nord-sør-nettverket SANORD, nyleg løyving til prosjektet GLOMIND som sikrar gjensidigheit i tilboda mellom INN og partnarar i Namibia og Sør-Afrika, og ein ambisjon om å lage felles utdanningsprogram for lærarar i universitetsalliansen EMERGE.

Ved å inkludere lektorutdanninga i EMERGE, er INN så langt den einaste institusjonen i landet som har innført ei profesjonsutdanning i ein europeisk universitetsallianse.

Det er altså mykje godt arbeid på tvers av institusjonar som handlar om tilpassing og utvikling av tilbod, for å sikre at internasjonalisering held seg på agendaen for lærarar. Og forhåpentlegvis vert dette arbeidet flytta frå ildsjelar til strukturar i tida framover.

Les meir om internasjonalisering:

Kontaktinformasjon:

Bilde av Gunhild Tomter Alstad
Dekan
E-post
gunhild.alstad@inn.no
Telefon
+47 62 51 77 75