Norsk fordypning: Språk

Er du usikker på om du vil meistre å undervise i nynorsk som sidemål? Manglar du gode argument når det gjeld faget sitt «kvifor»? Ønskjer du deg idear til «korleis» du kan undervise i nynorsk som sidemål? Og skulle du ha hatt ei utviding av kunnskapane dine om nynorskens «kva»? I dette emnet vil du kunne diskutere ulike perspektiv på språklæring og undervisning i nynorsk som sidemål og vidareutvikle deg som norsklærar saman med medstudentane.

Studiested
Hamar
Studiet varer
1 semester
Studieform
Deltid
Studiepoeng
10
Undervisningsspråk
NO
Oppstart
August
Pris
Semesteravgift
Søknadsfrist
25. aug. 2026

Om utdanningen

Nynorsk som sidemål i didaktisk perspektiv

Sidemålsundervisninga, spesielt i nynorsk, kan vere utfordrande for mange lærarar. I tillegg til sjølve rettskrivinga (formverket) bør ein som lærar kunne sjå nynorsken i eit større perspektiv for å vere i stand til å møte elevane som profesjonell lærar og arbeide heilskapleg med faget.

Dette emnet skal bidra til å utvikle ein nynorskdidaktikk basert på refleksjon og fagleg heilskap. Vi vil sjå på det nynorske formverket (fonologi, morfologi og syntaks), men frå eit overordna og samanliknande perspektiv. Nynorsken vil bli samanlikna med dialekter som grunnlag for tilpassa arbeid i klasserommet. I tillegg vil ein sjå på nynorskens grunnlag og historie. Ivar Aasen er sjølvsagt ikkje det einaste namnet i nynorsken si historie. Nynorsken vil også bli knytt til identitetsomgrepet, og ein vil diskutere ulike språklæringsteoriar. Emnet er ikkje eit nynorskkurs, men byggjer på kjennskap til formverket og eit ønske om å vidareutvikle seg som nynorsklærar.

Studieplan og emner

I studieplanen finner du informasjon om studiet med blant annet oversikt over emner, læringsmål og vurderingsformer. Velg studieplan for det året du begynte på studiet for å finne informasjon som gjelder for deg.

Søknadsfrist og opptak

Du søker opptak i vår lokale søknadsweb.

For å være kvalifisert for opptak på studiet må du ha generell studiekompetanse og norsk (nordisk) årsstudium (60 studiepoeng) eller tilsvarende.

For søknadsfrist se toppen av siden

Les mer om søknad og opptak

Hva koster det?

Du må betale semesteravgift hvert semester. Mer om semesteravgift.

Ta kontakt

Har du spørsmål om søknad og opptakskrav? Kontaktet vårt opptakskontor på opptak@inn.no eller telefon 62 43 00 04.


 

Bilde av Heidi Anine Larsen
Studieveileder

Les mer om studiested Hamar her

Du kan også være interessert i: