Får millionar til Ukraina-forsking

Handelshøgskolen Innlandet – Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap (HHS) har fått ein solid pengesum for å auka kunnskapen vår om Ukraina i åra som kjem.

Bilde av en logo på en vegg som sier KOmpetanse som setter spor

Senter for livslang læring på HHS skal leie det eine av forskningsprosjekta som det no er gjeve støtte til.

Foto: Ole Martin Ringlund/Universitetet i Innlandet
Av Ole Martin Ringlund, kommunikasjonsrådgiver
Publisert 4. des. 2025 08:41 - Sist endret 5. des. 2025 07:33

Det var i oktober HHS og Senter for livslang læring (SELL) sende inn fleire søknader til det såkalla «Program for Ukraina-kompetanse».

No har svaret komme.

– Vi har fått tilslag på to prosjekt - hurra! skriv leiar på SELL, Mette Villand, i ein e-post. Det er dei som skal leia det eine prosjektet.

For prosjektet «Stemmer i eksil» har HHS v/SELL fått cirka 1,7 millionar kroner over to år. For prosjektet «UA-KLAR» kjem det cirka 900.000 kroner for same tidsperiode.

Stemmer i eksil

Dame med lilla topp mot en uskarp bakgrunn inne i et rom
Mette Villand, leiar på Senter for livslang læring, er nøgd med at INN dei neste to åra skal vere med og auka kunnskapen om Ukraina i Noreg.(Foto: Ole Martin Ringlund/INN)

«Program for Ukraina-kompetanse» inngår i det norske Nansen-programmet. Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse som forvaltar programmet på oppdrag frå Utanriksdepartementet.

Målet for programmet er å få fram oppdatert, tverrsektoriell kunnskap om Ukraina som kan informera politikkutforming, næringssamarbeid og offentleg forvaltning i Noreg.

Krigen i Ukraina har ført til at millionar av menneske har måtta forlata heimane sine, og mange har søkt tilflukt i Noreg. Desse erfaringane gir verdifull innsikt i korleis krig, flukt og eksil påverkar menneske og samfunn.

«Stemmer i eksil»-prosjektet skal dokumentera og formidla ukrainske flyktningars forteljingar for å styrkja forståinga av Ukraina og situasjonen i landet, samtidig som det gir auka kunnskap om eksilopplevingar i ein norsk kontekst.

«Stemmer i eksil» er eit samarbeid mellom Institutt for rettsvitskap, filosofi og internasjonale studiar, fakultetet for helse og sosialvitskap og Nansenskolen. Det er Senter for livslang læring som er leiar for prosjektet som skal gå over to år.

Prosjektet består av tre hovudaktivitetar:

  • Produksjon av ein podkastserie med 16–18 episodar som belyser flukt.
  • Utvikling av ei digital plattform som samlar podkastar, intervjumateriale, artiklar og undervisningsressursar.
  • Gjennomføring av eit Ukraina-seminar ved Nansenskolen og Universitetet i Innlandet.

«UA-KLAR» 

Formålet for «UA-KLAR»-prosjektet er å utvikla og styrkja brei, tverrfagleg og samfunnsrelevant kompetanse om Ukraina i Noreg.

Programmet skal ha ein brei portefølje og dekkja eit spekter av relevante fagfelt med ei viss grad av balanse.

UiT Noregs arktiske universitet skal ha det administrative ansvaret for dette prosjektet som skal gjennomførast saman med Universitet i Innlandet (INN) og Universitetet i Bergen.

På INN er det professor Yuliya Chernykh som har ansvar for tematikken ’investeringar’ som inkluderer førebuing av podkastar, forelesingar med gjesteforelesarar på INN og konseptnotat/policy recommendations.

Dei andre frå UiB og UiT gjer det same, men med spesialiseringa si folkerett og EU-rett.

«Program for Ukraina-kompetanse» skriv at eit solid kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for å ivareta og vidareutvikle Noreg sitt langsiktige engasjement i og med Ukraina. «Program for Ukraina-kompetanse»-kompetanse i Noreg skal støtte opp under den norske innsatsen for Ukraina og støtte Ukrainas europeiske integrasjon.

Det er sett av totalt 45 millionar kroner til programmet for dei to første åra (2025–2026).