English version of this page

Ei smakfull feiring av FN-dagen

I går vart det årlege arrangementet International Mix Party haldt på Hamar campus. HINN-studentar frå heile verda delte kulturarven sin gjennom ulike matrettar som alle fekk nyte.

Ei stor gruppe menneske står ved matbodane g prøver ulik mat

Hovudområdet på Hamar campus var fylt med matbodar frå ulike land, og det var ei populær hending! Foto: Espen Kristiansen/Høgskolen i Innlandet

Av Sevika Stensby, Hedda Smedbold
Publisert 25. okt. 2024 12:51 - Sist endret 25. okt. 2024 14:56

Kvart år held Hamar campus International Mix Party på FN-dagen, den 24. oktober.

Three girls are smiling by food stands
Matbodar med smakfulle rettar frå Polen og Nederland. Foto: Espen Kristiansen/Høgskolen i Innlandet

Vi feirer samhaldet, mangfaldet og rikdomen i vårt globale fellesskap – språka, tradisjonane og sjølvsagt maten som kvar kultur bringer til bordet.

Landa som vart representerte av studentar under årets arrangement var Australia, Argentina, Bulgaria, Tsjekkia, Frankrike, Tyskland, Ungarn, Mexico, Nederland, Polen, Romania, Spania & Catalonia, Slovakia, Sør-Korea og Tanzania.

FN sitt oppdrag er å fremme fred, samarbeid og respekt på tvers av nasjonar, og ingenting får fram dette samhaldet betre enn delinga av våre ulike kulturarvar.

Three people are smiling and showing Spanish food
Spanske rettar og glade studentar! Foto: Hedda Smedbold/Høgskolen i Innlandet

Gjennom mat får vi ein smak av kvarandre si historie, verdiar og kreativitet. International Mix Party handlar ikkje berre om å nyte eit utval smakar, men også om å bygge relasjonar, utdjupe forståinga vår og sette pris på skjønnheita i mangfaldet vårt ved Høgskolen i Innlandet.

Arrangementet er alltid gratis og ope for alle som ynskjer å delta. Høgskolen i Innlandet er glade for å kunne fremme vårt internasjonale miljø til andre.

International Mix Party vart opna av Prodekan forskning ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk, Susan Lee Nacey. Gjennom heile arrangementet vart det spelt livemusikk av studentar og tilsette frå ei scene ved bodane.

Dette var verkeleg eit innhaldsrikt arrangement med mange bidragsytarar og besøkande, og vi ser allereie fram til festen neste år!

Nydeleg koreansk kimchi vart servert ved sida av tanzaniansk storfekjøt. Foto: Hedda Smedbold/Høgskolen i Innlandet
Toril and Sevika are smiling at the event
Bidragsytar Sevika Stensby og hovudarrangør Toril Andersson Jøraandstad er nøgde med årets engasjement! Foto: Hedda Smedbold/Høgskolen i Innlandet