Kvart år held Hamar campus International Mix Party på FN-dagen, den 24. oktober.
Vi feirer samhaldet, mangfaldet og rikdomen i vårt globale fellesskap – språka, tradisjonane og sjølvsagt maten som kvar kultur bringer til bordet.
Landa som vart representerte av studentar under årets arrangement var Australia, Argentina, Bulgaria, Tsjekkia, Frankrike, Tyskland, Ungarn, Mexico, Nederland, Polen, Romania, Spania & Catalonia, Slovakia, Sør-Korea og Tanzania.
FN sitt oppdrag er å fremme fred, samarbeid og respekt på tvers av nasjonar, og ingenting får fram dette samhaldet betre enn delinga av våre ulike kulturarvar.
Gjennom mat får vi ein smak av kvarandre si historie, verdiar og kreativitet. International Mix Party handlar ikkje berre om å nyte eit utval smakar, men også om å bygge relasjonar, utdjupe forståinga vår og sette pris på skjønnheita i mangfaldet vårt ved Høgskolen i Innlandet.
Arrangementet er alltid gratis og ope for alle som ynskjer å delta. Høgskolen i Innlandet er glade for å kunne fremme vårt internasjonale miljø til andre.
International Mix Party vart opna av Prodekan forskning ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk, Susan Lee Nacey. Gjennom heile arrangementet vart det spelt livemusikk av studentar og tilsette frå ei scene ved bodane.
Dette var verkeleg eit innhaldsrikt arrangement med mange bidragsytarar og besøkande, og vi ser allereie fram til festen neste år!