Skriv om dramatisk historie frå Vestlandsbygd

Professor Thor-André Skrefsrud vaks opp med historia om eit skipsforlis i 1903. No gir han ut bok om det som skjedde.  

Portrett Skrefsrud foran vindu

Thor-André Skrefsrud, professor ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk og no forfattar av bok om ei helt spesiell historie frå 1903 (foto: Lars Bjarne Mythen, INN). 

Av Erlend Moe, kommunikasjonsrådgjevar
Publisert 21. nov. 2024 14:25 - Sist endret 28. nov. 2024 15:57

Oldefaren til Thor-André Skrefsrud heitte Kristoffer Husevaag, men alle kalla han berre Chris.

Skrefsrud er professor i pedagogikk ved Universitetet i Innlandet på Hamar. No gir han ut boka "Løven i havet: Om forliset ved Husevågøy i 1903" på Oplandske Bokforlag. 

Boka følgjer Chris frå Nordfjord til Minnesota. Han er nyforlova og har akkurat kjøpt jord i Amerika – så mykje at garden ville utgjort den største på Vestlandet. Ein dag les han halvårsgamle aviser frå heimlandet. Da ser han plutseleg ei notis om ei ulykke. Ein far og tre søner heime i Husevåg er forsvunne på sjøen. Ei av dei han hadde eit godt auge til som ung, sit att som enke. Noko seier han at han skal reise heim. 

– Eg vaks opp med forteljinga om ulykka i Veststeinsundet og har alltid tenkt den burde vore skreve ned, seier Skrefsrud. 

Ei forferdeleg storm

Forteljinga begynner ein oktobermorgon i 1903. Fire menn – ein far og tre søner – la ut frå Husevågøy på linefiske i ein seksæring, ein open robåt med seks åretak. Dei forsvann og vart aldri funne.

Det var ingen augnevitne til kva som skjedde mellom Klovningen og Veststeinen utanfor Måløy. Men ein av naboane, Henrik Husevåg, som døydde på midten av 1960-talet, var med i ein annan båt saman med far sin. Han var 16 år den gongen og fekk aldri ulykka ut av kroppen.

– Henrik fortalde om ei forferdeleg storm denne oktober-morgonen. Den varte i tre heile dagar, fortel Skrefsrud. 

Historisk bilde av robåt, seksæring
Seksæring på Våg i Aure kommune (foto: Kristian Kielland). 

Sorga og kvardagen etterpå

Portrett
Ragnhild Rødhjelle (1849-1925) mistet mannen Ingebrigt og sønnene Johan, Jakob og Peder samme dag. 

Dei etterlatne fekk liva sine brått snudd på hovudet. 

Tre kvinner hadde mista ektemennene sine. Den eldste av dei tre, Ragnhild Rødhjelle, hadde i tillegg mista tre av dei fire sønene sine. Tilbake satt også tre farlause ungar. 

Gjennom arbeidet med boka har Skrefsrud tenkt mykje på korleis dei etterlatne handterte kvardagen og sorga. 

– Truleg handla det om å overleve frå dag til dag og å få livet til å gå videre, ikkje ulikt slik mange erfarer traume og kriser i dag. I boka forsøker eg å sjå erfaringane frå Nordfjordingane i lys av ulike vis å forstå sorg på, seier Skrefsrud. 

Uventa ny kjærleik

Men arbeidet med boka har også budd på ei lysare side. 

– Utan å røpe for mykje oppstod det ny kjærleik for begge dei to enkjene, både kortreist og frå Amerika, fortel Skrefsrud.

I begge tilfelle måtte dei trosse bygdesnakk ved at yngre menn gifta seg med eldre åleinemødre. 

– Kanskje gifte dei seg på ny av praktiske grunnar, kanskje var det ekte kjærleik. I boka følgjer eg historia til dei etterlatne og prøver å synleggjere dei sosiale omkostningane det hadde for dei involverte. Også den gang kunne samfunna vere små og konvensjonane tronge, seier Skrefsrud. 

Å gå opp att stiar etter folk som levde for meir enn hundre år sidan har ikkje vore lett, medgir Skrefsrud. I skrivearbeidet har han nytta lokalhistoriske kjelder, kyrkjebøker, skipsregister og anna historisk materiale. 

– Men den viktigaste kjelda har vore dei personlege samtalane eg har hatt med folk på Husevågøya. Det har gitt liv og djupn til historia, seier han.   

Inspirasjon frå historia 

På plassen framfor Sør-Vågsøy kyrkje i Måløy er det reist ei minnetavle med namna til dei fire omkomne. No har historia deira vorte levandegjort gjennom Skrefsrud si bok.  

– Eg håpar forteljinga også viser utover si tid og kan seie noko inn i våre eigne liv, seier Skrefsrud. 

Sjølv om livsvilkåra var fundamentalt annleis, trur han mange vil kjenne seg att i det å miste nokon på sjøen eller i andre tapsopplevingar. 

– Kanskje kan vi finne inspirasjon hos folka i denne forteljinga, seier Skrefsrud.

Han meiner historia synleggjer brytningane som kunne finnes i små samfunn der lojalitet, vennskap og kjærleik ikkje alltid følgde klasse og stand.

– Det har alltid kosta å bryte innarbeidde mønstre, avsluttar professoren ved Universitetet i Innlandet. 

Kontakt

Bilde av Thor André Skrefsrud
Professor
E-post
thor.skrefsrud@inn.no
Telefon
+47 62 51 78 98