English version of this page

Vil medverke til å løyse dei største utfordringane i Innlandet

Er det mogleg å utforme mikroemner som gir folk utanfor jobb og utdanning eit kompetanseløft som kan mobilisere dei inn i helse- og omsorgssektoren? Det vil alliansen EMERGE med Universitetet i Innlandet i spissen finne ut av.

en gruppe sitter og jobber rundt et bord

Fleire fagmiljø på tvers av INN skal bidra i arbeidet om å utvikle fleksible læringstilbod for vaksne i Innlandet. Foto: Ole-André Lagmandokk / INN

Av Hedda Smedbold
Publisert 6. okt. 2025 14:40 - Sist endret 7. okt. 2025 09:18

– Vi har samarbeida tett med regionale aktørar, som Nav, Karriere Innlandet, kommunar, Skåppå, Helse INN, KS og læringssenter, for å kartlegge kva grupper i Innlandet som har størst behov for kompetansestyrking, fortel Irene Thorsplass og Brit Svoen.

Thorsplass er prosjektleiar og Svoen er førsteamanuensis ved Senter for livslang læring (SELL) på Universitetet i Innlandet (INN). Dei held til på Handelshøgskolen i Lillehammer.

Dei har lang erfaring med å utvikle fleksible læringstilbod for vaksne, men no skal dei leie dette arbeidet i EMERGE – den europeiske universitetsalliansen til INN. Her samarbeidar ni institusjonar innan utdanning, forsking og samfunnsengasjement for å styrke regionane sine.

Irene Thorsplass og Brit Svoen leiar arbeidspakke 5 i EMERGE: Fleksibel livslang læring for voksne. Foto: Ole-André Lagmandokk / INN

– Det er ekstra spanande at vi har ei leiande rolle for livslang læring i dette internasjonale samarbeidet. Her kjem vi i kontakt med sterke fagmiljø som deler kunnskap med oss, og vi får høyre om tilnærmingar som har fungert godt i andre land for å få sårbare grupper inn i arbeidslivet, fortel Thorsplass og Svoen.

INN har naturlegvis fokus på Innlandet, og dei oppsummerer føremålet med arbeidet slik:

– Innlandet er prega av avfolking og ei eldande befolkning, særleg i distriktskommunane. Fokusområdet vårt er manglande arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren, sett i samanheng med den aukande gruppa av utanforståande som verken er i arbeid eller utdanning. Klarer vi å løyse regionens mest sentrale utfordring ved å utvikle kompetansetilbud som kan mobilisere denne gruppa inn i til dømes eldreomsorg? Det er målet!

Regionale krefter i eit globalt nettverk

EMERGE ("Empowering the Margins of Europe through Regional and Global Engagement") består av Universitetet i Innlandet (INN) og åtte andre institusjonar i Irland, Frankrike, Tyskland, Slovakia, Spania, Hellas og Kypros.

EMERGE består av ni medlemmer: University of Limerick, Universidade da Coruña, Université Rennes 2, Université Bretagne Sud, Universitetet i Innlandet, Univerzita Mateja Bela v Banskej Bystrici, Europa-Universität Flensburg, Neapolis University Pafos og Democritus University of Thrace.Illustrasjon: EMERGE

Alle universiteta er plasserte i geografiske utkantar, gjerne prega av eldande befolkingar, minoritetsgrupper og dårlegare sosioøkonomiske forhold. EMERGE har såleis dedikert ein arbeidspakke til livslang læring, der målet er å løfte sårbare grupper og møte dei ulike utfordringane regionane står ovanfor gjennom kompetanseheving.

– I Limerick jobbar dei til dømes med eldre arbeidstakarar og å tette det digitale gapet mellom dei og dei yngre. I Thrace fokuserer dei på tospråklege lærarar innan den muslimske minoriteten i regionen, forklarer Thorsplass og Svoen, og held fram:

– Alle partnarane skal saman utvikle ei digital pedagogisk verktøykasse, og dessutan tilby minst 30 fleksible kurs og mikroemner til våre ulike målgrupper. Ein sit så att med eit rammeverk som kan vidareutviklast og implementerast i ulike fagområder.

2025 markerer starten på arbeidspakka om livslang læring, så universiteta held på med omfattande kartlegging i kvar region. Dei skal samle inn informasjon som er nødvendig for å utvikle mikroemna på sikt, og samarbeidet er utforma for å vere langsiktig.

– For oss er det ei utfordring at målgruppa er vanskeleg å nå. Dette er jo menneske som står utanfor jobb og utdanning, og såleis er vi avhengige av andre samfunnsaktørar som kan hjelpe oss å kome i kontakt. Her har til dømes Nav vore ein sentral samarbeidspartnar, fortel Thorsplass og Svoen.

Dialogen INN har med ulike aktørar over tid gir universitetet eit grundig innblikk i samfunnet rundt og sentrale utviklingsområder. INN ynskjer å vere ein drivkraft for Innlandet, og posisjonen vert styrka av å danne nettverk og kunne tilby relevante kompetanseløft som regionen har behov for.

– Det er motiverande å jobbe framtidsretta med noko som kan gagne både regionen og menneska som bur her, og å vere ein del av et samarbeid som bidreg til utvikling og vekst i ein heilt anna skala enn vi kunne ha fått til på eiga hand, konkluderer Thorsplass og Svoen.

Les meir om:

Kontaktinformasjon:

Bilde av Irene Thorsplass
Prosjektleder
E-post
irene.thorsplass@inn.no
Telefon
+47 61 28 83 43
Bilde av Brit Ragnhild Svoen
Førsteamanuensis
E-post
brit.svoen@inn.no
Telefon
+47 61 28 83 88