Det tok lang tid før Eline Kulstad-Torneus som ungdom klarte å spele fotball utan frykt. Utan å tenkje på konsekvensane på kva som ville skje om ho skulle tape ballen.
Den indre dialogen og involveringane til den tidlegare toppseriespelaren var berre basert på at vi må score, vi må vinne, vi må ikkje sleppe inn mål, for da tapar vi.
På eit sommarstille Ullevaal stadion fortel landslagstrenaren at ho nå har fått ein heilt anna mentalitet. Alt blei lettare da ho klarte å skifte mentalitet og såg på utvikling, framfor resultat. Det er noko av det viktigaste ho har tatt med seg inn i trenarkarrieren.
Kjerneverdien hennar å vere ærleg og vite mest mogleg om spelarane sine og kva slags utfordringar dei står i.
– Når eg snakkar med utøvarane mine er eg alltid ute etter utviklinga deira. Så lenge eg seier alt med kjærleik, så gjer det noko med dynamikken i samtalen. Ein fotballspelar presterer ikkje om ho ikkje er trygg, seier trenaren frå Skjervøy i Troms og legg til:
– Den tryggleiken hadde eg vel aldri.
Fyrste internasjonale studien på mentalitet i idrett
Kva for mentalitet har du som trenar og korleis påverkar det utøvarane dine?
Det har Dag André Nilsen sett nærare på.
Nilsen jobbar til dagleg som universitetslektor på fakultetet for helse- og sosialvitskap ved Universitetet i Innlandet. Doktorgrada si har han gjennomført som stipendiat på Norges idrettshøgskole.
Kartlegginga han har vore med på ved Norges idrettshøgskole er gjort i eit samarbeid med Universitet i Innlandet og Norges idrettsforbund. Nesten 6000 trenarar deltok i kartlegginga gjennom å svare på spørreskjema.
Forskinga viser at ein av fem norske trenarar har ein statisk-mentalitet.
Desse trenarane trur i større grad at ein kan identifisere talent i tidleg alder, og at talentet til utøvaren har stor betydning for kor gode dei kan bli i idretten.
– Trenaren vil alltid vere ansvarleg for læringskulturen i ei gruppe. Viss den er prega av ein statisk-mentalitet, kan utøvarane potensielt vere redde for å gjere feil. Det kan i fyrste omgang føre til mangel på læring, fordi ein heile tida unngår å gjere vanskelege oppgåver, seier Nilsen.
Det kan ende opp med utøvarar som blir redde for å prøve, fordi om dei feilar blir det avslørt at dei ikkje har det som skal til for å bli god.
Dei merkar at dei ikkje har det treneren anerkjenner og ser etter på treningsfeltet.
Dette er hovudfunna:
- Ein av fem trenarar (19,6 prosent) i norsk idrett rapporterer om ein statisk-mentalitet og trur at talent i hovudsak er medfødd.
- Omtrent to av tre trenarar (67 prosent) har ein uavklart mentalitet.
- Trenarar frå friidrett, fotball og gym og turn, rapporterte i større grad om statisk-mentalitet enn trenarar frå handball.
- Eldre trenarar og trenarar som ikkje er fødd i Noreg rapporterte i større grad om statisk mentalitet enn trenarar frå Noreg og yngre trenarar.
- Ein av fem trenarar (20 prosent) meiner ein kan identifisere talent før 12-årsalderen.
- Trenarar frå fotball, gym og turn og symjing meiner ein kan identifisere talent tidlegare enn trenarar frå friidrett, handball og ski.
Mange med statisk mentalitet i fotball
Forskaren meiner trenarens mentalitet har mykje å seie for både prestasjon og trivsel i ei gruppe.
– Viss ein trenar meiner å kunne identifisere dei som kan bli gode i ung alder, anerkjenner det å slå og overvinne andre utøvarar og ser på det som viktig og gir ros for det, meiner vi at det bidrar til eit meir resultatorientert treningsmiljø, seier Dag André Nilsen.
Ein trenar med ein vekst-mentalitet vil heller gje tilbakemelding på kva den enkelte utviklar og får til av ferdigheitsutvikling i idretten.
– For eksempel tilbakemeldingar om skot eller ein pasning i fotball, forklarar Nilsen.
Ifølgje kartlegginga er fotball ein av idrettane som har ein høg andel trenarar med eit statisk-mentalitet. Hypotesa til Nilsen er at mentaliteten i idretten er påverka av internasjonal idrett og synet på talentidentifisering og treningskultur.
I enkelte idrettar og land er hovedmålet med å delta i idrett å identifisere talent i ung alder for å kunne trene desse til internasjonal suksess og gull i VM og OL.
Dette kan vere idrettar der gjennomsnittsalderen på deltakarane i meisterskap er låg, som turn.
I fotball kan mange norske trenarar vere påverka av middelhavsmodellen, der det handlar om å identifisere dei beste tidleg for at dei skal få eit ekstra godt tilbod i en stadig mer profesjonalisert idrett.
Frykteleg synd at mange har statisk mentalitet
På Ullevaal stadion fortel Eline Kulstad-Torneus om opplevingar med landets neste fotballstjerner som tok EM-sølv tidlegare i sommar.
Ein spelar hadde ikkje vore innom landslagssystemet sidan ein talentleir i 2022. I sommar var ho tilbake blant dei beste. Mot alle odds.
Kulstad-Torneus meiner spelaren sjølv har ein vekst-mentalitet, men har blitt møtt med trenarar med statisk-mentalitet som ikkje har gitt henne dei tilbakemeldingane ho har trengt.
– Ho er eit klart unnatak. Eg veit om mange som har slutta med liknande historie.
36-åringen tok over som landslagstrenar for J15-17 i vinter, og førte nyleg J-17-landslaget til EM-finale og sølvmedaljar.
Ho kom frå jobben som utviklingssjef i Vålerenga, og er langt frå overraska over at så mange fotballtrenarar har eit statisk tankesett.
– Det synest eg er frykteleg synd. Min oppfatning er at viss du har ein statisk-mentalitet, så klarer du ikkje å legge til rette for ei trygg utvikling for spelarane. Det blir ei meir fryktbasert utvikling.
For henne handlar det om motivasjon til å utvikle seg vidare. Og om å ta vare på dei som ikkje er best som barn og ungdom, men som kanskje likevel kan nå langt.
– Det er nok mange trenarar som har bidratt til at spelarar sluttar altfor tidleg. Når du veke etter veke ikkje får spele kamp. Det er slik vi tar livet av motivasjonen til spelarane våre. Vi gir dei aldri moglegheita og dei får aldri tida til å tilpasse seg til omstendigheitene rundt kampen.
Skummelt at trenarar er kyniske i laguttak for 12-åringar
Ho er tydeleg ein trenar som ikkje meiner at talentet er medfødd, men at det er noko ein kan utvikle.
– At vi begynner å vere såpass kynisk på laguttak nede i 12-årsalderen synest eg er skummelt. Det er umogleg for oss å vite kven som kjem til å bli best, og kven som klarer å stå i løpet og vere med heile vegen. Eg har ikkje sjanse til å seie kven av dei jentene eg trenar som ender opp med å bli best til slutt, seier den tidlegare Eurosport-eksperten.
Sjølv har ho klare verdiar ho fylgjer som trenar og kjenner seg trygg at ho har ein vekst-mentalitet. Likevel veit ho at det er situasjonar der verdiane hennar blir sett på prøve.
Det er viktige kampar som må bli avgjort, for å nå eit sluttspel eller gå vidare i turneringar. Spelarar som kanskje hadde godt av å spele meir for si eigen utvikling, blir tatt av banen.
– I avgjerande minutt av ein kamp kan det vere vanskeleg å hugse på. Vala ein tek undervegs er ikkje bestandig i tråd med vekst-mentalitet, men det viktigaste for meg er at refleksjonane i etterkant og samtalane eg har med spelarane i etterkant, skjer med vekst-mentalitet.
Kan du endre mentaliteten din?
Det er akkurat det å klare og vere bevisst og fleksibel på kva slags mentalitet ein har i ulike situasjonar, som forskar Dag André Nilsen vil anbefale trenarar rundt om i Idretts-Noreg.
– Vi trur at trenarar som har vekst-mentalitet i større grad klarer å vere fleksible på kva slags mål dei har, som grunnlag for deres val i den enkelte situasjon. Dei kan sjå verdien av å vinne ein kamp, det er jo ikkje noko gale i det. Idrettens eigenart handlar om å vinne og tape, seier Nilsen.
– Men dei klarer i det eine augeblikket å få energi av ynskje om å vinne og slå dei andre i ein konkurranse, til å fokusere på det som er nødvendig for å løyse arbeidsoppgåva som ligg til grunn for ein prestasjon. Om det blir tap ser dei at læringa ikkje ligg i den statiske-mentaliteten, men i at dei klarer å skifte tilbake til vekst-mentalitet og fokusere på det de kan gjere noko med, fortset han.
Alle er fødd med ein form for predisponering for mentalitet. Det blir forma gjennom livet og oppveksten, og miljøet du lev livet ditt i. Men er det mogleg å endre sin eigen mentalitet i vaksen alder?
Som ein del av doktorgradsprosjektet gjennomførte Dag André Nilsen også ein intervensjon der dei fylgde trenarar på ei trenarutdanning frå dei starta til halvanna år etter.
Mentaliteten deira blei målt både før dei tok til på studia, undervegs og etter at dei var i gang som trenarar. Funna viste at det er mogleg å endre mentalitet.
– Fleire av trenarane fortalde at dei bevega seg frå å vere instruktør til å bli rettleiarar i utøvaranes utvikling. Dei gjekk frå å sjå på seg sjølv som nokon som skulle overføre sin eigen kunnskap, til ein som skal guide utøvarane i treningskvardagen og gje dei meistring på sitt nivå, fortel Nilsen.
Still deg sjølv spørsmål
Forskaren oppmodar deg som trenar til å tenkje gjennom og reflektere rundt eit par spørsmål om deg sjølv som trenar for å finne ut og vere bevisst på kva slags mentalitet du har.
Spør deg sjølv om korleis du vurderer utøvarane dine. Meiner du at nokon av dei har noko som er medfødd, som er grunnen til at dei lykkast?
Eller tenkjer du at alle har medfødde ferdigheiter, men at det handlar om å utvikle dei, og at det er årsaka til at nokon når lengre enn andre?
Det fyrste steget ligg i å vere bevisst på kva slags situasjonar du har statisk-mentalitet og når du har vekst-mentalitet, meiner Dag André Nilsen.
– Still deg spørsmål som: Kva vektlegg eg som trenar? Kva gjer eg på treningsfeltet for at utøvarane skal oppleve at eg anerkjenner læring og utvikling, og at det er viktig for meg som trenar?
Utøvarane treng å oppleve at dei er verdifulle sjølv om de ikkje får til ein oppgåve her og nå, eller at de gjer ein feil som får konsekvens for den enkelte eller for laget.
Spør også deg sjølv om kva det er som gir meg energi som trenar og om det er noko du er redd for? Korleis ser du på innsats, andre sin suksess og møte med utfordringar?
Nilsen meiner det er klassiske «trigger-situasjonar» der du får testa din eigen mentalitet.
Ekstra viktig i barne- og ungdomsfotballen
Som barne- og ungdomstrenar har du eit spesielt ansvar, meiner han.
– Det er ekstra viktig fordi hjernen er på sitt mest formbare i barne- og ungdomsåra. Trenaren er viktig for kva slags mentalitet utøvarane utviklar til idrettslege ferdigheiter. Kva du anerkjenner og kva for strategiar du vel, vil prege dei resten av livet.
Kulstad-Torneus meiner utøvarar som veks opp i idretten med ein trenar med ein vekst-mentalitet, får nytte av det også utanfor idrettsarenaen.
– Det strekk seg så forbanna langt utanfor idretten, seier ho engasjert.
Når ungdomane kjem ut i arbeidslivet og skal ta val sjølv har dei ein heilt annan ballast å kome inn med.
– Viss vi da har lagt til rette for at dei er med på å ta val om si eiga utvikling, og ikkje tar alle vala for dei og spelar PlayStation med dei på sidelinja, fordi vi er besatt av resultatet. Da legg vi ikkje noko godt grunnlag.
Kontaktinformasjon:
- E-post
- dag.nilsen@inn.no
- Telefon
- +47 62 43 00 85
Om studien:
- Kartlegginga er gjort i samarbeid med Universitet i Innlandet og Norges idrettsforbund.
- Nesten 6000 trenarar deltok i kartlegginga gjennom å svare på spørreskjema.
- Studien har sett spesielt på trenarar frå dei store særforbunda som hadde over 100 trenarar med i kartlegginga.
- Totalt 3830 trenarer blei inkludert frå fotball, handball, ski, symjing, gym og turn.
- Trenarar på alle nivå, frå breiddetrenaren i barne- og ungdomsidretten, til topptrenarar i dei ulike forbunda.