Mykje skjermbruk går utover livskvaliteten til norske ungdommar – med eitt unntak

Om du er ungdom og bruker meir enn tre timar på speling eller sosiale medium på fritida, går det utover livskvaliteten din. Men gutane slepp unna dei negative konsekvensane frå ein av desse aktivitetane.

Jente sitter med mobil i et rom med en rund lampe i bakgrunnen

Ny forsking frå Universitetet i Innlandet fører seg inn i rekkja av forsking som viser moglege negative effektar mykje skjermbruk kan ha på helsa til ungdommane våre.

Foto: Colourbox
Av Ole Martin Ringlund, kommunikasjonsrådgjevar forsking
Publisert 18. mars 2026 08:32 - Sist endret 18. mars 2026 10:23

Foreldre engasjerer seg. Styresmaktene kjem med konkrete nasjonale skjermråd. Digitale medium tek stor plass i liva våre, og mange er bekymra for kva denne skjermbruken gjer med oss, og då spesielt med dei unge.

– Det er gjort ein del undersøkingar om det med psykiske plager rundt speling og bruk av sosiale medium, men ikkje gjort så mykje sett opp mot livskvalitet. Det vi har funne ut er nok ein indikasjon på at det er lurt å avgrensa bruk av skjerm.

Det seier førsteamanuensis på fakultetet for helse- og sosialvitskap på Universitetet i Innlandet (INN), Annette Løvheim Kleppang. 

Ho har stått i spissen for ei gruppe på sju forskarar frå INN, Göteborgs universitet, Sjukehuset Innlandet og Universitetet i Agder som har undersøkt korleis skjermbruk slår ut på livskvalitet.

Mange tusen ungdommar har bidrege

Dame med lyst hår, svart genser og briller på hodet
Annette Løvheim Kleppang har brukt data frå ei undersøking der over 8.000 ungdommar deltok for å finne samanhengar mellom skjermbruk og livskvalitet. (Foto: Sverre Galgum/Universitetet i Innlandet)

Grunnlaget for denne studien er data frå den såkalla Young Hunt-studien i Trøndelag som over 8.000 ungdommar mellom 13 og 19 år deltok i for nokre år sidan.

For å måla livskvalitet er ungdommane spurde om sitt opplevde velvære og tilfredsheit med livet.

Eitt spørsmål målte den generelle livskvaliteten, og seks spørsmål handla om psykisk og fysisk helse, forholdet dei har til familien sin og vennene sine, og korleis dei fungerer på skulen.

Det dei svarte på desse spørsmåla vart så sjekka opp mot speling og bruk av sosiale medium.

– Hovudkonklusjonen er altså at dei som bruker sosiale medium og gamar meir enn tre timar i fritida si, har ein lågare livskvalitet enn dei som gjer dette mindre. Samanhengen er svak, men han er signifikant som vi seier, fortel Løvheim Kleppang.

Forskarane sjekka også om denne samanhengen varierte for faktorar som kjønn, det å vera i lag med venner eller psykologiske plager.

Og her fann forskarane forskjellar.

Slår ikkje ut for gutta

Det er i ein nyleg publisert artikkel i tidsskriftet Health and Quality of Life Outcomes du kan lesa om forskjellane dei oppdaga.

– Vi fann at det var forskjellar på gutar og jenter. Når det gjaldt gaming, var det ein signifikant samanheng for begge kjønn kopla til lågare livskvalitet. Men når vi såg på sosiale medier-bruk, såg vi berre ein signifikant samanheng for jentene, ikkje for gutane, fortel INN-forskaren.

Det betyr at gutar som bruker sosiale medium meir enn tre timar på fritida, ikkje nødvendigvis får noko dårlegare livskvalitet på grunn av det.

Gutt med ryggen til og med headset gamer på to skjermer
Mange gutar gamar, og mange gutar bruker mykje tid på sosiale medium. No viser det seg at mykje bruk av sosiale medium ikkje slår ut på livskvaliteten til gutar i same grad som for jenter. (Foto: Colourbox)

– Fann de ut noko om kvifor det er sånn?

– Vi har ikkje noka forklaring på dette, men vi veit at jenter bruker sosiale medium meir og på ein annan måte enn gutar. Om det forklarer forskjellane, veit vi altså ikkje, seier Annette Løvheim Kleppang.

Forskarane sjekka også om det å vera saman med venner eller ikkje hadde nokon påverking. Funna indikerer at samanhengen mellom skjermbruk og livskvalitet er lik om du er saman med venner eller ikkje.

Når det gjeld den psykiske tilstanden til ungdommane, fann dei noko rundt psykiske plager og speling i helgane.

– Dei som ikkje hadde psykiske plager og gama i helgar, hadde betre livskvalitet enn dei som oppgav at dei hadde psykiske plager, ifølgje Løvheim Kleppang.

Sidan dette er ein tverrsnittstudie, kan ikkje forskarane avgjera årsaksretninga her. Det vil seia at dei ikkje veit om det er skjermbruk som påverkar livskvaliteten eller motsett.

Bilde av en mobilskjerm med masse apper med sosiale medier
Det er mykje freistande å bruka tida på inne på mobilen, men det kan vera lurt å tenkja litt på kor mykje tid du bruker på skjermen på fritida di. (Foto: Colourbox)

Auka medvit

Tiltak mot auka skjermbruk blir diskuterte over heile landet. Nokre land har allereie heva grensa for å bruke sosiale medium til 16 år. Noreg jobbar med å heva aldersgrensa til 15 år.

Rett over nyttår kom regjeringa med sine oppdaterte nasjonale skjermråd.

For den gruppa ungdom vi snakkar om her, altså dei mellom 13 og 19 år, er råda at dei maksimalt bør bruka 1,5–3 timar per dag på skjerm i fritida si, gjerne mindre.

Dette får dei full støtte for av Annette Løvheim Kleppang.

– Vi har vist at tre timar eller meir med skjermbruk i fritida kan påverka livskvaliteten din. Resultata våre bør gjera styresmakter og andre som jobbar med ungdom meir medvite på dette med skjerm, og korleis det påverkar denne aldersgruppa.

Kontaktinformasjon:

Bilde av Annette Løvheim Kleppang
Førsteamanuensis
E-post
annette.kleppang@inn.no
Telefon
+47 62 43 00 64
Emneord: skjermbruk, livskvalitet