Rundt 150 millionar menneske er diagnosert med urinvegsinfeksjon kvart år og minst halvparten av vaksne kvinner har dette meir enn éin gong i løpet av livet.
For gravide, dei med kateter og for dei som har vore gjennom ein nyretransplantasjon, kan ein slik infeksjon føre til alvorlege komplikasjonar. Kvart år mistar 240 000 menneske livet på grunn, særleg skjer dette i fattige land.
Antibiotika blir brukt i behandlinga, men ofte «i blinde», altså utan at helsepersonellet eigentleg veit nok om tilstanden til pasienten.
No vil forskarar utvikle og teste ny teknologi som kan oppdage infeksjonar tidleg, for å gjere mogleg ein meir presis og rettidig antibiotikabehandling.
HINN leier prosjektet
Forskingsrådet har no tildelt 12 millionar kroner til prosjektet, av eit totalbudsjett på nær 16 millionar. Høgskolen i Innlandet har leiarrolla og samarbeidspartnarar er UiT Norges arktiske universitet, Folkehelseinstituttet, Verdshelseorganisasjonen (WHO) og fleire forskingsinstitusjonar i India.
– Vi skal teste teknologien både i laboratorium og på sjukehus i Noreg og i India, spesielt på gravide og personar med kateter. Målet er at denne teknologien skal bli tilgjengeleg, rimeleg og kan brukast av mange, seier Rafi Ahmad, prosjektleiar og professor ved Institutt for bioteknologi ved HINN.
Biosensorar, DNA-sekvensering og kunstig intelligens er stikkord for teknologien dei utviklar.
Mykje av denne teknologien er allereie utvikla gjennom andre forskingsprosjekt ved det same forskingsmiljøet ved HINN sidan 2018. Det nye prosjektet, kalla «UTI-Diag: Reducing the burden of antimicrobial resistance – urinary tract infection using innovative and scalable rapid diagnosis”, byggjer på kunnskapen frå desse prosjekta.
Vil redusere behovet for antibiotika
Antibiotika-resistens er ein av dei største helseutfordringane vi menneske har i dag, ifølgje FN.
Bruken må reduserast globalt, og Rafi Ahmad meiner den nye teknologien kan bidra til det.
– Utruleg nok er dagens situasjon slik at pasientar ofte får delt ut antibiotika utan at det ligg føre nokon konkret kunnskap om infeksjonen dei blir behandla for. Urinvegsinfeksjon er ein av dei mest utbreidde infeksjonane på verdsbasis. Derfor er det viktig å få gjort noko med måten vi påviser infeksjon på, for å gjere antibiotikabehandlingen meir målretta, seier Ahmad.
Prosjektet går over tre og eit halvt år frå januar 2025. HINN bidreg med eit doktorgradsstipendiat.
Parallelt med det nye prosjektet leier Rafi Ahmad og forskingsgruppa ved Institutt for bioteknologi eit anna stort og nærståande prosjekt, OH-AMR-Diag. I dette prosjektet, som vart tildelt 16 millionar kroner av Forskingsrådet i 2023, har forskarane både eit veterinærmedisinsk og humanmedisinsk perspektiv.
Kontakt vår forskar:
- E-post
- rafi.ahmad@inn.no
- Telefon
- +47 62 51 78 45
Fakta om prosjektet:
- UTI-Diag: Reducing the burden of antimicrobial resistance – urinary tract infection using innovative and scalable rapid diagnosis
- Forskingsprosjekt leia av Institutt for bioteknologi ved Høgskolen i Innlandet. Samarbeidspartnarar er UiT Noregs arktiske universitet, Folkehelseinstituttet, All India Institute of Medical Science i New Delhi, Indian Institute of Technology Delhi, Indian Council of Medical Research og Verdshelseorganisasjonen
- Prosjektet går frå januar 2025 til juni 2028.
- Budsjett er 15,8 millionar norske kroner. 10 millionar kroner går til HINN. Forskingsrådet er viktigaste finansiør.