Onsdag melde Forskingsrådet at dei lagar ei heilt ny ordning for å gjera det enklare å rekruttera erfarne forskarar frå andre land.
(Foto: Regjeringa)
Det er situasjonen i USA som har sett fart på denne prosessen.
– Den akademiske fridommen er under press i USA, og det er ein uføreseieleg posisjon for mange forskarar i det som har vore den leiande kunnskapsnasjonen i verda i mange tiår. Det har vore viktig for meg å finna gode tiltak vi kan få på plass raskt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Denne tankegangen får full støtte frå prorektor forsking på INN, Marit Sletmoen.
– Det er positivt og viktig at det blir etablert ordningar som gjer at forskarar som treng nye rammer for arbeidet sitt får høve til å søkja om dette.
Ordninga skal gå over fleire år. I første omgang er det sett av 100 millionar for 2026.
Opnar moglegheiter
Marit Sletmoen kjenner seg igjen i beskrivinga som forskingsministeren skisserer, og har sjølv samarbeidd tett med amerikanske forskarar.
– Det er i dag døme på at forskarar opplever avgrensingar i fridommen sin til å fritt velja problemstillingar eller vinklingar i arbeidet sitt, og få fram ny kunnskap. Det er alvorleg, og det angår oss alle ettersom oppdatert og sikker kunnskap er avgjerande for ei god samfunnsutvikling, seier Sletmoen.
For INN som eit ungt universitet opnar den skisserte ordninga for moglegheiter til å tiltrekkja seg dyktige forskarar som kan styrkja forskinga og fagmiljøa, ifølgje Marit Sletmoen.
– Vi vil aktivt undersøkja moglegheitene som ligg i denne nye utlysinga frå Forskingsrådet, og dessutan andre eksisterande ordningar, ettersom vi er opptekne av og har erfart verdien av å innlemma dyktige forskarar i forskarmiljøa våre, for kortare eller lengre periodar.
Framifrå forsking
Den nye ordninga inngår i det langsiktige arbeidet til regjeringa med å tiltrekkja internasjonale forskarar til Noreg.
I starten vil det ikkje bli opna for at alle universitetet og høgskular kan søkja om pengar frå ordninga.
– Utlysinga kjem i mai, og vil i første omgang vera knytt til Forskingsrådets senterordningar, mellom anna for framifrå forsking og innovasjon innan klima, helsa, energi og kunstig intelligens, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.
Universitetet i Innlandet vil vera blant dei som faktisk kan vera med å søkja på desse midlane.
– Vi er allereie partnar i eit senter for framifrå forsking, eit senter som har som har som mål å skaffa ny kunnskap om biologiske prosessar i livets aller første fasar, fortel Marit Sletmoen.
I tillegg har INN omfattande forskingsaktivitet knytt til å adressera store samfunnsutfordringar både innan klima og helse.
- Les også: Professor II, seier du?
Kontaktinformasjon:
- E-post
- marit.sletmoen@inn.no
- Telefon
- +47 61 28 75 55