Kunst og kultur styrkar læring

Barn i grunnskulen lærer betre når dei får utforske, skape og samarbeide. Det viser dei samla funna frå det store forskingsprosjektet «Kunsten å lære».

Barn som leker sammen i et klasserom

MYKJE ENGASJEMENT: – Kunsten å lære bidreg til auka likskap og sosial inkludering i skulen, seier forskarane bak dette prosjektet, der 644 elevar frå ei rekkje skular i Noreg har delteke. Bilete er frå ei av øvingane ungane gjorde i forskninga.

Foto: Barbora Hollan
Av Ole Martin Ringlund, kommunikasjonsrådgivar INN, og Leila Øvreseth, seniorrådgivar Innlandet fylkeskommune
Publisert 24. juni 2025 12:14 - Sist endret 24. juni 2025 12:19

I to år har det blitt forska på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen. 

Ei rekkje grunnskular i Noreg og Ungarn har delteke i prosjektet.

Dei samla funna frå forskingsprosjektet viser at kunst- og kulturintegrert undervisning kan styrke læringsmotivasjon, sjølvregulering og fellesskap.

Naturleg å gjera feil

Dame med grønn kjole
NOKO Å LÆRE: Forskar Ulrika Håkonsson trur norsk skule kan nå fleire med ei slik kreativ læringsform som dei har testa ut i «Kunsten å lære».
(Foto: Marianne Bjelle)

Studiet bygger på ei stor mengde intervju og observasjonar med lærarar, rektorar, elevar, kunstnarar og føresette. Totalt har 644 elevar delteke i prosjektet.

Det er forskarar frå Universitetet i Innlandet som har gjennomført undersøkingane i Noreg, og laga rapportane som no er klare.

– Lærarar, elevar og foreldre fortel at barna gradvis har gått frå å søke etter det "riktige" svaret til å ta eigne val, prøve ut nye løysingar og sjå verdi i å gjere feil som ein naturlig del av læringa.

Det fortel Ulrika Håkansson som har leidd forskinga.

– Denne endringa tyder på auka evne til sjølvregulering, betre fokus og ein større evne til å tilpasse seg nye situasjonar, fortset ho.

Prosjektet har vore leia av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Universitetet i Innlandet, og med samarbeidspartnarane T-Tudok i Ungarn og CCE i England.

I tillegg til intervjuane har det vore brukt ein spelbasert digital test, Yellow-Red-testen, som måler kontrollfunksjonar hos barn i alderen 6–11 år.

Medan denne testen viste lik utvikling hos dei som hadde kunst og kultur i undervisninga og dei som ikkje hadde det, viste altså den kvalitative delen av analysen fleire positive endringar hos dei elevane som deltok i prosjektet.

Meir engasjerte, sjølvstendige og trygge elevar 

Undervisninga var prega av opne oppgåver der elevane fekk ta eigne val og lære gjennom prøving og feiling. 

Ein av rektorane i studiet påpeikte at elevane blei flinke til å kjenne att kvarandre sine styrkar og bruke desse i samarbeid. Ulrika Håkansson stadfester dette synet.

– Elevane vart meir sjølvstendige, trygge og betre til å samarbeide. Elevar som strevde i tradisjonell forstand, “blomstra” i det kreative miljøet.

BIlde av en pappeske med maling som skal se ut som en leksemaskin
LÆRERRADAR: Kreativitet, og sjølve prosessen med å tilegne seg kunnskap, har stått i fokus for forskingsprosjektet «Kunsten å lære».
(Foto: Erik Brandsborg, Kulturtanken)

Særleg utbytte fekk elevar som ofte fell utanfor. Analysen viser at dette var barn frå låginntektsfamiliar, Rom-barn i Ungarn og elevar med ADHD. 

Desse har hatt særleg god nytte av den kunstbaserte undervisningsforma – forutsett at dei fekk støtte og struktur, ifølgje forskinga.

– Kunsten å lære bidreg til auka likskap og sosial inkludering i skulen, fortel Håkansson.

– Kvifor fungerer eit slikt opplegg for dei elevane vi snakkar om her? 

– Vi trur dei barna som kanskje er litt urolege i kroppen og i hovudet tener på noko av dette kreative som krev at du også bevegar kroppen. Ein av måtane å få litt ro når det er mange tankar i hovudet er jo å bevega kroppen. Så dette opplegget kan treffe dei som strevar med ordinær skule, ifølgje forskaren.

Skulane ønsker vidareføring

Resultata av denne forskinga vart presenterte under Kulturytring i Drammen i slutten av juni.

Ifølgje prosjektleiar for «Kunsten å lære» i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt, er erfaringane frå prosjektet så gode at alle skulane som har delteke ønsker å vidareføre undervisningsmetoden med kunst og kultur.

– To skular har fått moglegheit så langt, gjennom eit vidareføringsprosjekt. Forskinga dokumenterer at kunst og kultur ikkje er pynt på kaka, men gjev motiverte og glade elevar, og betre resultat. Og, er det ikkje akkurat det vi alle ønsker for barna våre? spør ho.

Mange barn som ligger på gulvet i et klasserom med tre lærere stående rundt
DELTEK: Elevane deltek aktivt med kroppen sin i læringa dei har vore igjennom i forskingsprosjektet «Kunsten å lære» som har vart i to år.
(Foto: Barbora Hollan)

Foreldre som har delteke i studiet melder også om elevar som tek med seg interessa heim, delar kunnskap vidare og kjenner seg frie og trygge. 

Ei siste konklusjon frå denne forskinga er at det ligg ei utfordring her når det gjeld tilrettelegging. Elevar som treng meir føreseieleg struktur må få tilpassa støtte for at eit slikt opplegg skal fungera.

– Kva kan norsk skule læra av det de har komme fram til her?

– Eg meiner ein gjerne kan nytta seg av meir kreative læringsformer for å læra vanlege fag i skulen. Læringa blir meir integrert i barna om ein gjer det. Eg trur ein kan nå fleire med ei slik kreativ læringsform, avsluttar Ulrika Håkansson.

Fakta om «Kunsten å lære»

  • Prosjektet er leia av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Universitetet i Innlandet,  og samarbeidspartnar T-Tudok i Ungarn og CCE i England.
  • Universitetet i Innlandet har gjennomført forskinga i samarbeid med T-Tudok i Ungarn og har utarbeidd rapportane.
  • Prosjektet inneheld eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar har samarbeidd om å gi elevane kunst og skulefag i kombinasjon, som ein del av «livet i skulen» over to år.
  • 644 elevar har delteke i prosjektet frå desse skulane i Noreg: Fåset skole (Tynset), Tylldalen skole (Tynset), Alvdal barneskole (Alvdal), Jørstadmoen skole (Lillehammer), Søre Ål skole (Lillehammer) og Aurvoll skole (Øyer)
  • I tillegg har tre skular i Ungarn delteke i prosjektet

 

Emneord: kunst og kultur, skule