Utkant-Noreg slit med grøn omstilling

Perifere og «svake» regionar i Noreg ønskjer å få til grøn omstilling, men det er framleis mange faktorar som gjer det vanskeleg for dei, ifølgje forsking frå Universitetet i Innlandet.

Ung dame med hvit bluse uten i sola foran noen trær

I DET GRØNE: Synne Bråten har sett på korleis det går med det grøne skiftet i ein av Noregs meir perifere regionar.

Foto: Ole Martin Ringlund/Universitetet i Innlandet
Av Ole Martin Ringlund, kommunikasjonsrådgiver
Publisert 26. aug. 2025 09:19

– Det eg synest var spennande var at dei i regionen eg undersøkte hadde veldig mykje tru, tillit og vilje til å få til dette. Dette hadde dei sjølv om strukturane rundt dei kanskje ikkje gjer det så lett for dei. 

Det seier Synne Bråten, doktorgradsstipendiat på Universitetet i Innlandet.

Ho har nettopp fått publisert ein artikkel saman med rettleiarane sine, Gunhild Wedum og Trond Nilsen. I artikkelen undersøkjer dei strukturane som fremjar og hindrar det grøne skiftet i ein såkalla perifer region.

Synne har forska på ei samling med bedrifter i Solør-regionen, lengst sør-aust i Innlandet, som kallar seg Sirkulære Solør. Dei prøver å gjera treindustrien grønare, og ser på korleis dei kan bruka restressursar på ein smartare måte.

Negativ spiral

Ein perifer region ligg ifølgje definisjonen til Bråten geografisk eit stykke unna ein stor by, og har svake koplingar til større og sterkare økonomiske regionar.  Dei slit gjerne med økonomien, og blir prega av små og mellomstore bedrifter i tradisjonelle industriar med få kunnskaps- og støtteorganisasjonar. Innbyggjarane har ofte eit lågt utdanningsnivå. 

Det er mange regionar i Noreg som fell inn under denne definisjonen. Så det Synne Bråten har komme fram til gjeld andre stader enn i Solør-regionen òg. 

Desse regionane har eit svakare utgangspunkt enn andre for å driva utvikling. Og det merkar dei.

– Kva faktorar speler inn på desse regionane som gjer at dei ikkje får til grøn omstilling?

– Eg vil nok seia at det viktigaste er at dei ikkje har den risikokapitalen som skal til. Dette trekkjer dei eg har intervjua fram. Mellom anna slit kommunane i Solør-området med økonomien, som påverkar kapitalen. Dei har viljen og lysta, men så er det strukturane rundt dei som speler inn, fortel ho.

Bilde av et sagbruk tatt fra luften
GRØN INDUSTRI: Moelven Våler er ei av bedriftene som er med i Sirkulære Solør og som har hatt mykje fokus på det grøne skiftet i sin eigen bransje. (Foto: Moelven Våler)

Innlandet og Solør-regionen ligg også i oljeskuggen – ein struktur som har vorte skapt over tid. Regionen har vorte gløymd, og har kanskje ein industri som fram til nyleg ikkje har vorte sett på som like viktig? 

Grøn omstilling kan enkelt forklarast som ei forandring i meir miljøvennleg retning. Men grøn omstilling i desse perifere eller rurale regionane betyr også litt meir når dei bestemmer seg for å prøva dette. 

– Dei ser på grøn omstilling som ei moglegheit for regional utvikling. Det å løfta regionen er noko av det som inspirerer dei til å jobba med dette, fortel Bråten.

– Kva andre ting enn mangel på risikokapital gjer slikt utviklingsarbeid vanskeleg for desse regionane?

– Dei nemner sjølv mangel på kompetanse. Fleire kunnskaps- og støtteorganisasjonar både innanfrå og utanfrå regionen har bidrege inn i Sirkulære Solør-prosjektet, men for å klara utviklinga vidare treng dei endå meir støtte utanfrå regionen.

Dei er veldig klare over den situasjonen dei er i og kva styrkar og komparative fortrinn dei har.

– Det er vanskeleg å rekruttera kompetanse når trenden i regionen er fråflytting. Dei blir ramma av hjerneflukta som andre perifere regionar blir ramma av. Dei må henta kompetanse og kapital utanfrå, fortel Synne Bråten.

Flyfoto av en skog i tåke
GRØNT GULL: Skogen er viktig for Innlandet og kanskje ei næring som kan bli endå meir sentral i åra som kjem? (Foto: Halvor Mykleby/Universitetet i Innlandet)

Verda set ein stoppar

To av bedriftene som er med i Sirkulære Solør er Moelven Våler og Forestia. Ein produsent av sponplater, og Noregs største sagbruk. To veldig sentrale bedrifter som allereie frå 2014 var involvert i å leggja eit grunnlag for ein sirkulær økonomi i regionen. 

Dei såg at dei burde nytta seg av kvarandre og hjelpa kvarandre til å nå desse måla. Men det har ikkje berre vore lett. 

– Dei kjenner nok at prosessen har vore ganske bra, og at dei har komme nokså langt. Men dei har vore avhengige av å få bygd ein fabrikk som skulle reinsa treverk så dei kan bruka materiale om igjen. Arbeidet med den fabrikken stansa opp då Ukraina-krigen starta, og alt byggjearbeid plutseleg vart mykje dyrare, fortel Bråten. 

Og her kjem me til ein tredje grunn til at slike forsøk på grøn omstilling stoppar opp i desse perifere regionane. Negative faktorar utanfor desse regionane blir forsterka meir i slike «svake» regionar enn i «sterke» regionar.

– Men dette slår jo ut for alle regionar – ikkje berre for dei perifere?

– Slike ting er endå vanskelegare for slike regionar å takla. Desse regionane er endå meir sårbare for sånne påverknader enn andre på grunn av dei svake strukturane som allereie finst der.

Grønne piler på grå papp
GRØNT SKIFTE: Det er ikkje berre berre å få til det grøne skiftet i perifere regionar i Noreg. (Illustrasjon: Colourbox)

Styrkte i trua

Men kva skal til då for at desse regionane skal klara å komma fram til målet om grøn omstilling?

– Dei må halda fram med å ta initiativ. Og dei må halda fram med å søkja saman i slike fellesskapar som Sirkulære Solør, er det klare rådet frå forskaren. 

Og ho har eit råd til – som går til politikarane våre.

– Det må kanskje takast nokre politiske val frå statleg nasjonalt nivå for å sjå på dei strukturane som finst rundt desse regionane og sirkulær økonomi. Kanskje tilskot og midlar som er meir målretta mot omstilling og sirkularitet kan hjelpa desse regionane til å klara å gjennomføra ei grøn omstilling, spør Bråten seg.

I Solør kjenner dei som er med på prosjektet Sirkulære Solør at dei er litt meir i tida enn før. Ikkje-fornybare energikjelder er på veg ut. Bioøkonomi er meir på veg inn. Dei har trua, og ser moglegheita no.

– Samarbeidet i Sirkulære Solør har styrkt dei som er med. Dei har fått meir sosial kapital, dei deler kunnskap med kvarandre og har kanskje til og med fått ein ny regional identitet. Dette hjelper til med å forsterka endringar av strukturen som dei er i. Alt dette kan fungera på vegen mot grøn omstilling, avsluttar Synne Bråten.

Kontaktinformasjon:

Bilde av Synne Bråten
Stipendiat
E-post
synne.braten@inn.no
Telefon
+47 62 43 07 11