Sidan den global finanskrisa i 2008, har dei store sentralbankane iverksett omfattande krisetiltak og policyinnovasjon som har utfordra rådande paradigme og formelle mandat.
– Krisetiltaka har kryssa landegrenser, og statleg likviditetsstøtte har blitt gitt til nye typar finansinstitusjonar og finansielle aktiva, fortel Ingrid Hjertaker.
Policyinnovasjonane har også delvis viska ut grensene mellom finanspolitikk og pengepolitikk.
– Avhandlinga mi undersøkjer krisetiltaka og policy-innovasjonen til både den europeiske og den amerikanske sentralbanken i perioden 2007-2021, og eg syner at både innhald og timing av policy vart påverka av politiske, juridiske og administrative omsyn og spenningar, seier Hjertaker.
Avhandlinga foreslår også ein ny og fleirdimensjonal måte å tenkje omkring sentralbankmakt på – som beståande av strukturell makt, krisemakt, byråkratisk makt og idémakt.
– Ved å undersøkje sentralbankmakt på denne måten, blir det mogleg å avdekke at desse krisetiltaka har styrka sentralbankmakt langs somme dimensjonar, som krisemakt, men paradoksalt nok har dei same handlingane også svekka sentralbankane sin idémakt då tiltaka ikkje lenger er i tråd med eit regelstyrt og snevert policypardigme, ifølge Ingrid Hjertaker.
Tittelen på avhandlinga til Hjertaker er «Rebels without a cause? Change, contestation and power in a central banking interregnum».
- Her finner du mer informasjon om disputasen til Ingrid Hjertaker 15. oktober 2026
- Here you can find more information about Ingrid Hjertaker´s defence the 15th of October, 2026
Hovedfunn i doktorgradsarbeidet:
- Sentralbankar har måtte innovere for å møte alvorlege kriser. Dette arbeidet har ikkje berre vore kjenneteikna av diskusjonar av tekniske løysingar, men også både konflikt og læring rundt den politiske, juridiske og administrative konteksten til sentralbankane.
- Desse spenningane påverka både innhald og timing på policyinnovasjonen.
- Gjennom desse utvida krisetiltaka har sentralbankane vorte mektigare på somme område, dei har fått utvida sin krisemakt og organisasjonskapasitet, men har samstundes mista ein del idémakt då tiltaka har vorte mindre regelstyrte og i tråd med eit paradigme og tiltaka har meir kontroversielle både internt og eksternt.