Reservasjon av studieplass

Dersom du har takka ja til tilbod om studieplass, men ikkje kan starta, kan du søke universitetet om reservert studieplass i inntil to år.

Du må vere merksam på at det i løpet av fråværet kan kome endringar i studieprogrammet som har innverknad på det videre studieløpet ditt.

Kven kan søkje?

Du kan søke om reservasjon av studieplass på grunnlag av:

  • Verneplikt
  • Fødsel eller adopsjon
  • Langvarig sjukdom hos deg sjølv eller nokon du har omsorg for
  • Andre tungtvegande grunnar utanfor din kontroll

For å få reservert studieplassen, må du:

  • Takke ja til studietilbodet innan fristen
  • Sende søknaden innan tre veker etter at du fekk tilbodet om studieplass

Du kan ikkje søke om å reservere studieplassen viss du har fått opptak på vilkår (betinga opptak).

Dokumentasjon

Du må legge ved dokumentasjon som stadfester behovet for reservasjon av studieplass. Dette kan til dømes vere innkalling til verneplikt, stadfesting av termin/fødselsattest, legeattest mv.

Dokumentasjonen lastas opp som vedlegg til søknadsskjemaet.

Skal du laste opp meir enn eitt vedlegg, må du lagre vedlegga som ei zip-fil. Du finn informasjon om korleis du går fram her: Pakke og pakke ut filer

Svar

Svar på søknaden kjem med post til digital postkasse eller med brev om du ikkje har digital postkasse. Vi tilrår at du opprettar ei digital postkasse!

Dette gjer du for å starte på studiet etter å ha hatt reservert studieplass

Fekk du reservert studieplassen din, er du garantert å få denne studieplassen det året du har fått utsetting til dersom du:

  • Søkjer på samme studium innan søknadsfristen
  • Lastar opp brevet med vedtak om reservasjon du fekk av oss
  • Takker ja til tilbodet om studieplass innan svarfristen

Viss det blir stilt andre krav i brevet du fekk frå universitetet då du fekk reservert studieplass, må du også dekke desse.

NB! Reservasjonen gjeld bare det året du har fått vedtak om. Viss du har søkt og fått reservert plass i to år, men ønsker å begynne på studiet alt etter ett år, må du søke nytt opptak og konkurrere om plassen på lik linje med andre søkarar. 

Ønsker du å søke andre studium i tillegg til den reserverte plassen?

Informasjon om korleis du går fram er nøye beskrive i vedtaksbrevet du fekk då du søkte reservasjon av studieplass.

Søker du på andre studium i tillegg til den reserverte plassen, må du prioritere desse høgare enn studiet du har reservert. Du må dokumentere at du fyller opptakskrava for dei nye studia du søker.

Dersom du får tilbod på eit av dei nye studieønska, mistar du den reserverte plassen.

Søknadsskjema

Bokmål

Nynorsk

English

Har du ikkje norsk personnummer må du kontakta opptakskontoret for å få søkt (opptak@inn.no)

Har du spørsmål?

Kontakt Opptakskontoret på epost opptak@inn.no eller telefon 62 43 00 04.

Sist endra 13. feb. 2026 14:04