Poengutrekning og poenggrenser

Her finn du meir informasjon om poengutrekning og -grenser.

Hovudregelen for rangering av søkarar er at dei blir poengberekna på bakgrunn av opptaksgrunnlaget. Det er opptakskravet som bestemmer kva som er opptaksgrunnlaget.

Informasjonen om tilleggspoeng her gjeld for opptak til master- og vidareutdanningar ved Høgskolen i Innlandet.

Tilleggspoeng for studiar med generell studiekompetanse som opptakskrav finn du meir informasjon om på Samordna opptak sine nettsider.

Studie med generell studiekompetanse

Bachelorstudier og årsstudier byggjer på vidaregåande skule og har som hovudregel generell studiekompetanse som opptakskrav.

Hos Samordna opptak kan du lesa om korleis du blir poengberekna. Rangeringsregelverket for generell studiekompetanse er nasjonalt.

Master- og vidareutdanningar

Master- og vidareutdanninger på høgare nivå byggjer som regel på ein bachelorgrad eller tilsvarande.

Poengutrekninga blir gjord på grunnlag av vekta gjennomsnitt av alle karakterar som inngår i opptaksgrunnlaget, multiplisert med 10.

Med vekta snitt meines snittet av alle karakterar som inngår i opptaksgrunnlaget vekta mot talet på studiepoeng på kvart emne.

Vi nyttar avrundingsregler ved poengutrekning, så du dekker C-kravet med min. 25 poeng. NB! For PPU gjeld eigne regler for utrekning av C-snitt.

Omregning av karakterar til poeng

Du finn oversikt over korleis vi konverterer bokstavkarakterar og gamle talkarakterar til poeng i omrekningstabellen nedenfor.

Vurderinga bestått bereknast ikkje inn i utrekninga.

I tillegg til vekta snitt kan søkarar få tilleggspoeng for høgare utdanning og praksis.

Tilleggspoeng for høgare utdanning

0,5 poeng pr 30 stp utover minstekravet for opptak, maks 2 poeng.

Tilleggspoeng for relevant praksis

0,5 poeng pr. halvår relevant arbeidserfaring omrekna til 100% utover minstekravet opp til maks. 4 poeng.

NB! Gjeld berre til studiar der praksis er ein del av opptakskravet.

Omrekningstabell

Poeng 5 4 3 2 1
Karakter A-F A B C D E
Karakter 1-6 1.0-2.2 2.3-2.5 2.6-2.7 2.8-3.0 3.1-4.0
Eldre karakterskala S Mtf/Mg Tf/G Ng Lg

PPU

Poengutrekninga blir gjort på grunnlag av vekta gjennomsnitt av alle karakterar som inngår i opptaksgrunnlaget, multiplisert med 10. Med vekta snitt meines snittet av alle karakterar som inngår i opptaksgrunnlaget vekta mot talet på studiepoeng på kvart emne.

For PPU Kroppsøving er det eit krav om C-snitt som fastsett i utfyllande reglar. Her gjeld ikkje opprundingsreglar, så du må ha 30 poeng for å tilfredsstille C-kravet til PPU Kroppsøving.

Poenggrenser

Poenggrensene angir den med lågast poengsum som kom inn i opptaket førre år. Poenggrensene er ein indikasjon på kor vanskeleg det er å komma inn på eit studium.

Ei poenggrense er aldri bestemd på førehand, men blir avgjord av fleire faktorar, som til dømes tal på søkarar, poengsummen til dei ulike søkarane og endring i talet på studieplassar. Poenggrensene kan derfor variere frå år til år.

Rangering og poengutrekning av master og vidareutdanningar er regulerte av utfyllande regler til Forskrift om opptak, studiar og eksamen ved Høgskolen i Innlandet. Der finn du òg meir om unntak og regelverk utover det meir generelle beskrive her.

Sist endra 3. feb. 2023 14:28