Dokumentasjon

Alle opptakskrav må dokumenterast med verifiserbar dokumentasjon. Her kan du lesa om kva som er gyldig dokumentasjon.

Dokumentera generell studiekompetanse

For å dokumentera generell studiekompetanse må vitnemål eller kompetansebevis frå vidaregåande skule lastast opp i søknaden din. Mange har elektronisk vitnemål frå vidaregåande skule. Dette gjeld som regel komplette vitnemål etter 2004. Enkeltfag må dokumenterast med kompetansebevis.

Bilde frå vigo eller privatisweb er ikkje gyldig dokumentasjon.

Samordna opptak har utfyllande informasjon om korleis ein dokumenterer generell studiekompetanse.

Samordna opptak

Dokumentera høgare utdanning

Høgere utdanning blir dokumentert med vitnemål eller karakterutskrift frå universitet eller høgskule. Alle statlege høgskular og universitet og nokre private utvekslar resultat elektronisk, men dei kan vera mangelfulle. Søkarar med utdanning frå BI bør vera oppmerksame på at dei må lasta opp dokumentasjon på utdanning derfrå

Det kan vera behov for å lasta opp kopi av vitnemål for å dokumentera fullført grad om vi etterspør det.

Dokumentera praksis

Studiar som krev praksis som ein del av opptakskravet må dokumenterast med attest frå arbeidsgivar.

Attesten må visa stillingsprosent eller timetal og han må visa frå og tildato for tilsetting. Attest må vera datert.

Utan desse krava kan ikkje attesten brukast i opptaket.

Publisert 15. sep. 2021 14:35 - Sist endra 15. sep. 2021 14:35