Betinga tilbud

Søkarar som fullfører studiar inneverande år kan i visse tilfelle få betinga tilbud til master studiar før studiet er fullførte. Har kan du lesa om ordninga.

Korleis føregår ordninga?

Søkarar som fullfører grada si denne våren blir poengberegnet ut ifrå dei emna som er bestått til no.

I månadsskiftet mai/juni gir vil tilbod til søkarar som er kvalifiserte og søkarar som får betinga tilbod.

Vi veit kor mange studieplassar studiet har og held tilbake ein viss prosent av plassane til supplerings opptaket.

Etter 1.juli blir alle med betinga opptak berekna på nytt med alle karakterar frå grada og poengsummen blir justert.

8.juli gis det nye tilbodet, dette kallast suppleringsopptak. Då vil søkarar som no har kvalifisert seg kunne få tilbod og ventelista vil endra seg.

Vanlege spørsmål

Kan eg få betinga tilbod?

Betinga tilbod gjeld for søkarar som fullfører bachelorgraden sin våren før studiestart.

Du kan berre få betinga opptak om du allereie fyller spesielle opptakskrav med dei emna du har bestått.

Minst 120 stp av grada må vera bestått når du søker.

Kva studiar kan eg få betinga tilbod til?

Søkarar kan få betinga tilbod til master studiar som ikkje krev relevant praksis.

Vi har ikkje ordning for betinga tilbod på PPU, vidareutdanningar eller andre studiar enn master.

Kva skjer med karakterane eg får inneverande semester?

Poengsummen din blir justert etter 1.juli med alle karakterar frå grada di.

Kva skjer om eg ikkje består?

Om du ikkje består grada di innan 1.juli vil tilbodet trekkast tilbake.

 

 

Publisert 23. mars 2022 13:10 - Sist endret 24. mai 2022 12:53