Nitti prosent av viltforvalting handlar om menneske – om haldningar, rolla brukarane har i den praktiske forvaltninga, og menneskelege inngrep i leveområda til viltet.
Sitat fra boka
Ein omtale som anerkjenner fagleg kvalitet
Det er The Wildlife Society som delar ut prisane. Scott M. Brainerd og Torstein Storaas fekk heiderleg omtale for boka «Wildlife Management in the Anthropocene». Boka er eit samarbeid mellom dei to kollegaene som begge har årelang erfaring innan viltforvalting i Noreg.
Kategorien Wildlife Publication Awards blir skildra slik:
«Prisane anerkjenner framifrå vitskapleg litteratur om viltbiologi og viltforvalting som er gitt ut i løpet av dei siste tre åra. Dei utvalde publikasjonane er kjenneteikna av originalitet i forsking eller tenking og ein høg akademisk standard i presentasjonsforma.»
Gjeve ut på to språk - med mest fokus på folk
Boka søker å skildre norsk viltforvalting på heilskapleg vis, med historikk og endringar over tid, slik at lesaren får eit grunnlag for å forstå moderne forvaltingspraksis og forskingsgrunnlaget som ligg bak.
Brainerd og Storaas brukte fleire år på å skrive boka, med mange faglege diskusjonar undervegs. Dei har ønskt å fokusere meir på samfunnsmessige og menneskelege forhold knytt til viltforvalting, enn på biologi og økologi. I arbeidet gjekk forfattarane gjennom relevante publikasjonar om endringar i praksis i viltforvalting for å presentere eit mest mogleg oppdatert materiale.
Boka vart først utgitt på nynorsk hausten 2024 med Torstein Storaas som førsteforfattar. Scott M. Brainerd var førsteforfattar for den engelske versjonen som kom ut på tampen av 2025. Dette var den første boka på engelsk om norsk viltforvalting. Difor er den supplert med informasjon til lesarar som ikkje kjenner det norske forvaltingssystemet, og er ca. 50 sider lengre enn den norske utgåva.
Torstein har i meir enn fire tiår arbeidd med viltforvalting og forsking, både i Noreg, USA, Nepal og andre europeiske land. Scott har arbeidd med viltforvalting i både Nord-Amerika og Skandinavia i over 50 år, og saman har dei brei erfaring som gir ulike perspektiv på viltforvalting.
På pensumlista i viltforvaltning på Evenstad
Kvar haust blir det undervist i viltforvalting både på norsk og engelsk på Evenstad, og boka står på pensumlista i begge emna.

Les mer:
- Kunngjøring av prisvinnere fra The Wildlife Society
- Viltforvaltning mot ein ny horisont hos Universitetsforlaget
- Wildlife Management in the Anthropocene hos Scandinavian University Press
Kontaktpersoner