Bibek Gurung, Gunjan Adhikari og Srishti Ghising er masterstudentar i Environmental Science med spesialisering i Wildlife Management ved Kathmandu University i Nepal. Dei har kome heilt til Noreg for å studere anvend økologi i fire månader på Evenstad.
– Dette er første gongen nokon av oss reiser utanfor Nepal og India, seier Srishti. Me reiste frå Katmandu til Doha, og deretter til Oslo. Frå Oslo tok me tog til Evenstad. Og toga var heilt presise!
Studentane er ein del av programmet NORPART – eit initiativ som støttar langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utvalde partnarland. I dette tilfellet er samarbeidet mellom Høgskolen i Innlandet (HINN) og Kathmandu University.
Det er nokså unikt at Evenstad, ein relativt øde studiestad i Noreg, lokkar studentar frå andre sida av kloden. Dette demonstrerer relevansen og viktigheita til fagmiljøet i økologi ved HINN.
Førsteinntrykk og varm velkomst
– Alt er så reint, trygt og organisert her. Det er veldig fint, seier Gunjan.
Dei nepalske studentane forklarer at det er uvanleg for dei å ikkje sjå overvakingskamera eller sikkerheitsvakter på campus, men dei tykkjer det er bra at folk oppfører seg. Dei er også vande med meir støy og folkemengder, men dei verkar å like den rolege atmosfæra i Østerdalen.
Studentane pratar høgt om gjestfridomen dei møtte på Evenstad, og dei hugsar godt den varme velkomsten dei fekk då dei kom til studiestaden for om lag to veker sidan.
Når det gjeld studiane, er studentane mest spente på å oppleve korleis eit europeisk universitetssystem er annleis frå det nepalske. Dei er også nysgjerrige på ulven som bur i dei norske skogar.
– Eg er spent på å sjå korleis alt her fungerer, korleis samspelet er mellom undervisarar og studentar, og om studiane er meir praktisk retta her enn i Nepal. Det vert også interessant å sjå andre perspektiv og korleis nordmenn ser verda, seier Bibek.
Ei lukkeleg gjenforeining
Programmet gjer det også mogleg for studentar frå Evenstad å tilbringe tid i Nepal. I vår var masterstudentar i anvend økologi Anna Schäffer og Stian Kalleberg i Nepal i 10-14 veker for å studere Wildlife Management ved Kathmandu University og drive feltarbeid i Shuklaphanta nasjonalpark. Alle studentane vart godt kjende denne perioden, så dei var allereie vener då nepaleserane kom til Evenstad.
Anna and Stian er samde om at dei lærde mykje under opphaldet i Nepal og fekk nye perspektiv. Dei fortel også at økosystema dei studerte er annleis frå dei i Noreg.
– Me studerte blant anna leopardar, små gnagarar, flaggermus og ferskvatnfisk, seier Anna.
Det er ingen tvil om at å sjå ein leopard berre 200 meter frå der dei stod var den mest spennande opplevinga for Evenstadstudentane. Men anna enn det eksotiske dyrelivet, er også kulturen i Nepal annleis frå i Noreg.
– Før me reiste, vart me førebudde på eit kultursjokk ettersom Nepal er eit fattigare land og dårlegare styrt enn Noreg. Men folka der var så hyggelege og høflege. Dei inviterte oss inn på mat, kaffe og te med ein gong og var svært gjestfrie, forklarer Stian.
Mykje å lære av kvarandre
Professor Morten Odden er koordinatoren for NORPART-prosjektet «Capacity Building for Joint Education and Research in Applied Ecology» – eit samarbeid mellom HINN, Kathmandu University og National Trust for Nature Conservation, Nepal (NTNC). Han er den som har tilsyn med dei nepalske studentane på Evenstad.
– Me har mykje å lære av kvarandre. I Nepal har dei ei sterk vilje for bevaring av villmark og dyreliv, og dei er langt føre oss når det kjem til forvalting og retningslinjer. I Noreg har med gode ressursar og akademiske strukturar. Utvekslingsprogrammet er tenkt å fylle dei hola studentane kan møte i deira respektive land, stadfestar Morten.
Livsendrande erfaringar
Det å studere og bu i eit anna land er ei oppleving som går forbi fagleg verdi, og Morten utdjuper om viktigheita til prosjektet:
– Eg fekk sjansen til å studere i Nepal under min ph.d., og eg har delteke i fleire forskingsprosjekt der sidan. Opphaldet endra heile perspektivet mitt på økologi, menneske, og sjølve livet. Det motiverte meg til å halde fram på denne vegen i mitt profesjonelle liv. Venene eg møtte den gongen er samarbeidspartarane mine i forsking i dag. Eg ville skape den same moglegheita for andre unge studentar.
Når han vert spurt om kva han håpar dei nepalske studentane tek med seg frå Evenstad, svarar Morten følgande:
– Først of fremst, så håpar eg at dei tek med seg alle studiepoenga frå faga! Me har eit spennande akademisk miljø her som kan gi eit godt fundament til folk som vil vere i leiande stillingar innan bevaring og forvalting i framtida.
Han legg så til livslange venskap, sjølvutvikling og vekst. Alt i alt – ei oppleving for livet.
– Me møter globale økologiske utfordringar, så det å jobbe saman på tvers av landegrenser er svært viktig, konkluderer han.
Økologistudentane Srishti, Gunjan, Bibek, Anna og Stian er sikre på at venskapa deira vil vare livet ut. Kanskje me får sjå forskingssamarbeid og prosjekt mellom dei i framtida?
Les meir:
Kontakt:
- E-post
- morten.odden@inn.no
- Telefon
- +47 62 43 08 76