– Publiseringsrekord ved INN

Universitetet i Innlandet aukar forskingspubliseringa, mykje på grunn av eksternfinansierte prosjekt. FAITHED blir nemnt som døme.

Skjermdump fra inn.no/forskning

Av Anders Aschim
Publisert 7. mai 2026 18:22 - Sist endret 7. mai 2026 18:22

For andre året på rad aukar talet på vitskaplege publikasjonar pr. årsverk ved Universitetet i Innlandet.

– De nye og gode publiseringstallene er et tegn på at vi styrker oss som universitet, sier prorektor for forskning og utvikling, Marit Sletmoen.

Prorektor nemner prosjektfinansiering frå Forskingsrådet og EU som særleg viktige faktorar. Og FAITHED-prosjektet blir trekt fram som døme på denne utviklinga.