Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda speler ei viktig rolle i FAITHED-prosjektet, både som institusjon og gjennom aktive enkeltforskarar.

Hildegunn Valen Kleive (Høgskulen i Volda) leier panelsamtale under FAITHED-symposiet oktober 2024 (Foto: Espen Kristiansen/INN)

Av Anders Aschim
Publisert 10. des. 2024 16:26 - Sist endret 10. des. 2024 16:26

– Gjennom åra har det å søkje om midlar, og ikkje minst det å forske saman, bidrege til tette band mellom forskarar og institutt på tvers av fleire institusjonar.

Dette seier Hildegunn Valen Kleive frå Institutt for Religion og livssyn ved Høgskulen i Volda i ei nyheitssak på heimesidene til høgskulen. Saman med Marianne Hustvedt (same institutt) og Lars Julius Halvorsen (Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag) er ho ein viktig aktør i FAITHED-prosjektet. Volda-teamet har stått for all datainnsamling på Vestlandet, og dei deltar saman med andre FAITHED-forskarar i arbeidet med å analysere materialet og publisere resultata. 

Men høgskulen har vore viktig også i utviklingsfasen av prosjektet. Faktisk starta det heile med såkornmidlar frå Høgskulen i Volda, før det etter fire søknadsforsøk endeleg resulterte i løyving frå Forskingsrådet, rett nok til ei kraftig endra utgåve av prosjektet.