Med jamne mellomrom kartlegg Norges Idrettshøgskole, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet aktivitetsnivået og den fysiske forma vår.
No er ein ny rapport klar, og testinga som har blitt utføyrd har Høgskulen i Innlandet saman med idrettshøgskulen, Universitet i Agder, Universitet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet stått bak.
200 av dei som har blitt testa har gjort det på campus Lillehammer, der studentane våre på idrettsfag har vore sentrale.
- Les heile rapporten her: Kartleggingen av fysisk form blant voksne og eldre i Norge 2022-23 (Kan 3 Fase 2)
Testa maksimalt oksygenopptak
Testane har vorte utførte som ein del av ei stor befolkningsundersøking, kalt Kan3.
I fjor kom hovudrapporten rapport som viste at berre om lag halvparten av oss oppfyller dei nye anbefalingane til fysisk aktivitet.
Etter det har 1.200 tilfeldige personar i alle aldersgrupper takka ja til å delta i testing av kondisjon, muskelstyrke, balanse og rørsleevne rundt om i heile landet.
Om lag 800 av dei har testa sitt maksimale oksygenopptak, mellom anna altså på Høgskulen i Innlandet på Lillehammer.
Der har førsteamanuensane ved Seksjon for Helse og Treningsfysiologi, Knut Sindre Mølmen og Håvard Nygaard, stått sentrale saman med masterstudentane Pernille Breili og Håvard Crantz Lorentzen.
I tillegg har 12 bachelorstudentar bidrege i testinga.
Det desse har gjort har bidrege mykje til dei resultata som no er klare.
Gjennomsnittsnordmannen er i god form
– Det gjennomsnittlege oksygenopptaket i den norske befolkninga er godt og over, eller på nivå med, det som er foreslåtte anbefalte verdiar. Det er i seg sjølv er positive nyheiter, seier professor, Jostein Steene Johannesen på Norges idrettshøgskole.
Sjølv om det gjennomsnittlege oksygenopptaket er bra, er det er langt frå alle som ligg så godt an.
Viss vi snur på det, er det om lag 30-40 prosent av deltakarane som ligg under det som er anbefalte nivå (35-40 ml/kg/min).
For gruppa som har lågast oksygenopptak vil sjølv daglegdagse aktivitetar som det å gå i trapper eller i motbakke, krevje ein så stor del av oksygenopptaket at dei ikkje vil klare å gjennomføre meir enn nokre minutt.
Kan få ein formidabel treningseffekt
Det gir auka risiko for livsstilssjukdommar, dårlegare dagleg funksjon og for tidleg død.
– Den gode nyheita er at det for denne gruppa skal svært lite til for å auke oksygenopptaket og igjen få nyte godt av fordelane det gjev, seier Steene-Johannensen og kjem med enkle tips:
– Det kan vere så lite som å velje trappene i staden for heisen, gå til butikken og fylle opp sekken med varer eller gå tur i motbakke og ulendt terreng slik at ein blir andpusten og sveitt. Personar som er i dårleg fysisk form kan få ein formidabel treningseffekt av slik enkel trening så lenge den blir gjort regelmessig.
Hans råd er å starte i det små, for så å gradvis auke både lengda du er ute og går, og intensiteten etter kvart som du kjenner at forma blir betre.
Dårlegare form jo eldre vi blir - men du kan bremse utviklinga
Resultata viser at både oksygenopptaket, muskelstyrke og balanse blir redusert med aukande alder.
I gjennomsnitt blir det maksimale oksygenopptaket redusert med rett i underkant av 10 prosent per tiår frå fylte 30 år.
Det er også ein betydeleg reduksjon av gripestyrke og balanse etter fylte 60 år.
Men du kan sjølv bremse utviklinga om du regelmessig legg inn kondisjonstrening og fokuserer på aktivitetar som styrke både musklar og utfordrar balansen.
– Styrketrening er spesielt viktig frå 50-60-årsalderen, og sjølv personar godt over 70-80 år vil kunne auke både muskelmassen og styrken betrakteleg ved å starte med regelmessig styrketrening, seier professoren.
Han meiner det er viktig at eldre ikkje berre tenkjer på kondisjonstrening, men også hugsar på styrketreninga. Fordelane er nemleg mange.
– Det vil hjelpe deg til god livskvalitet og god funksjon i kvardagen som kan bety at du kan vere sjølvhjelpen lengre inn i alderdomen, seier Steene Johannesen.
- Les meir om Kan og ungKan-prosjektet her
Har dei sprekaste blitt sprekare?
Vi er midt oppe i det mange kallar ei ny løpebølge. Store mosjonsløp blir fort fullteikna, og i mange norske byer er bybildet prega av løparar.
Men har folk flest også blitt sprekare? Gjennom kartleggingsstudia er det mogleg å samanlikne tal frå Kan3 med tidlegare undersøkingar.
Det er gjennomført tre kartleggingar av barn og unge (ungKan1, ungKan2 og ungKan3) og tre kartleggingar av vaksne og eldre (Kan1, Kan2 og Kan3).
– Vi fann at gjennomsnittsnordmannen ser ut til å ha noko betre kondisjon i 2023 (Kan3) samanlikna med tal frå Kan1 i 2008, seier forskaren bak.
Men desse tala må takast med ein klype salt. Noko av den positive endringa kan nemleg forklarast med andre forskjellar mellom dei to utvala som vert samanlikna.
– Vi har grunn til å tru at ein litt ulik seleksjon i samband med testing av maksimalt oksygenopptak har ført til at vi har testa eit noko 'friskare' utval i Kan3 samanlikna med i Kan1. Den neste Kan-undersøkinga vil gje oss sikrare svar, seier Ulf Ekelund, professor ved Norges idrettshøgskole og forskar ved Folkehelseinstituttet.
I 2024-2026 blir det gjennomført ei fjerde kartlegging av barn og unge (ungKan4).