Jonathan får to millionar kroner for å forska på om magnetiske nanopartiklar kan fanga opp bakteriar frå blod og urin. Natalia får 1,37 millionar for å sjå nærare på skogbruk og utvinningsverksemd sett opp mot juridisk regulering.
Det var i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet tysdag nyheita om desse forskingspengane kom.
– Vi sikrar norsk tryggleik, konkurransekraft og velferd gjennom satsing på ny kunnskap. Forskinga som no får støtte flytter grensene for kva vi veit, og er med på å byggja verdsleiande forskingsmiljø i Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Sterke fagmiljø
Dei to forskarane på INN fekk pengar i kategorien «Radikale forskingsidear i tidleg karriere». Berre fire prosjekt kom gjennom nålauget i den kategorien.
Jonathan Hira er postdoktor på Institutt for bioteknologi på Hamar. Dette var hans aller første søknad om slike midlar.
– Dette er overveldande. Eg jobbar med å skjønne at eg nådde opp!
Jonathan si forsking kan få noko å seia for pasientar med bakterieinfeksjonar, som kan få ein diagnose langt raskara enn før – på under 24 timar. Det betyr igjen at ein kan starta presis antibakteriell behandling mykje tidlegare.
– Kva betyr denne finansieringa for deg som forskar?
– Det betyr svært mykje. Med denne finansieringa, kan eg bidra til å driva fram innovativ forsking i samarbeid med NTNU – noko som er utan sidestykke globalt. Eg trur også det kan føra til nye forskingsmoglegheiter og samarbeid som vil vidareutvikla karrieren min.

Den andre som nådde opp i konkurransen om desse midlane var altså Natalia Torres Zuniga, førsteamanuensis på Institutt for rettsvitskap, filosofi og internasjonale studiar på Lillehammer.
Ho skal forska på forholdet mellom juss og skogbruk som ein politisk økonomi.
– Eg er veldig glad for desse midlane! Dette temaet treng merksemd i Noreg sett opp mot klimaendringane, EUs forordningar i skogbruket og skogeigaranes interesser, seier Natalia.
– Kva betyr det for deg som forskar å få dette?
– Det betyr mykje, og er viktig for karrieren min vidare. Med dette prosjektet får eg høve til å forstå og få djupare kunnskap om forholdet mellom skogbruk og juss med eit globalt og internasjonalt perspektiv.
Forskingsrådet sine ordningar for banebrytande forsking finansierer prosjekt av høg kvalitet innanfor alle fagområde, med utgangspunkt i forskarane sine eigne prosjektidear.
- Les også: INN-forskning i topptidsskrift
Betyr mykje for oss

Det er ikkje berre dei to forskarane som er fornøgde i dag.
Også forskingsleiinga på universitetet er fornøgd med nyheita frå regjeringa.
– At forskarar ved INN får gjennomslag i ein så krevjande og prestisjefylt konkurranse er ein stor annerkjennelse og eit tydeleg signal om at vi har fagmiljø som hevdar seg på høgt internasjonalt nivå.
Det seier Peder Lombnæs, prodekan forsking på Fakultetet for anvend økologi, landbruksfag og bioteknologi (ALB).
Han er sikker på at desse tildelingane ikkje berre vil få noko å seia for hans fakultet der Jonathan Hira er tilsett.
– Dette løftar ikkje berre forskarane og prosjekta deira – det styrkjer fakulteta og universitetets omdømme som ein institusjon som produserer forsking av høg internasjonal kvalitet, meiner Lombnæs.
Han meiner tildelingane vil få positive effektar for forskingsverksemda ved fakulteta.
– For oss betyr dette også auka synlegheit, betre moglegheiter for nye samarbeid, og ein endå sterkare posisjon når det gjeld å tiltrekkja oss eksterne forskingsmidlar framover.
I 2026 skal Forskingsrådet dela ut til saman 1,5 milliardar kroner for å utvikla fleire verdsleiande forskingsmiljø i Noreg. Det er 100 millionar kroner meir enn i fjor.