Forskingsdagane 2023 i bilete

Då var Forskingsdagane over for denne gongen. Mange har fått med seg arrangementa vi har hatt, og her er nokre bilete frå årets festival.

Bilde av to personer ytterst på en scene mot publikum som klapper

Vinnar av Forskerkamp 2023, Lene Nygaard Solli, fekk fortent hyllest frå publikum og dommarar på Fabrikken Pub og Scene i Lillehammer torsdag 28. september.

Foto: Ole Martin Ringlund/HINN

Forskarar som kjempa mot kvarandre frå ei scene, energilinjer på heilage stader eller ei førestilling om kva bjørneforsking har med ei reise til Mars å gjera.

Det var mykje ulikt ein kunne oppleva på Forskingsdagane ved Høgskolen i Innlandet i år. 

Forskingsdagane er ein festival der forskarar over heile landet kvar haust viser fram forskinga si til folk flest. Festivalen har vore arrangert sidan 1995 og er ein av Europas store, landsdekkjande forskingsfestivalar.

I år gjekk Forskingsdagane av stabelen mellom 20. september og 1.oktober. 

Her kjem nokre smakebitar:

Bilde av folk inne på Researchers Night i Kongsvinger
Mange hadde teke turen til Høgskolesenteret i Kongsvinger under arrangementet Researchers´ Night. Ein kunnskapskveld der heile byen vart invitert inn.
(Foto: Marianne Olsen Brøntveit)
Bilde av seks personer på en scene
​Her er dei tøffe deltakarane som imponerte alle som fekk med seg Forskerkamp i år. (F.v.) Bjørn Ronny Vien, Frode Johansen, Elisabeth Øverland, vinn Lene Nygaard Solli, Martin Hanssen og Pamela Joanne Helder Naylor.
(Foto: Ole Martin Ringlund/HINN)
Fire persone rpå en scene i Hamardomen
Årets tema for Forskingsdagane var energi, i vid forstand. I Hamardomen fekk mange med seg arrangementet «Frå mellomalderkatedral til ley-lines på Domkirkeodden» som tok utgangspunkt i Hamardomen som heilag stad. Både framsyningane til mellomalderen, og moderne nyreligiøse ley lines (kosmiske energi-linjer, og ein går rett gjennom Domkirkeodden) vart gått nærare etter i saumane, mellom anna i ein paneldebatt leidd av professor i kristendomshistorie, Eivor Andersen Oftestad.
(Foto: Lars Bjarne Mythen/HINN)
Masse folk inne i et staselig rom med store vinduer
Årets Boman-seminar på Præstgar'n i Snertingdal samla 24 deltakarar og var svært vellykka, ifølgje arrangørane. Professor Pål Repstad heldt hovudforedraget om Kristian Schjelderup, og Øystein Wang spelte piano under opninga av seminaret framfor ei lydhøyr forsamling.
(Foto: Harald N. Løken)
Bilde avn en ungdom med romdrakt som holder foredrag på et kjøpesenter
Forskingsdagane handlar om å få forsking ut til folk flest, og i med framsyninga «Reisa til Mars» gjorde vi nettopp det. Framsyninga, som handlar om bjørneforskinga og idrettsforskinga på HINN, har vorte til i samarbeid med Energisenteret på Hunderfossen og er for barn. Vi viste den tre gonger i løpet av nokre timar på to kjøpesenter i Elverum og Hamar.
(Foto: Erlend Mo/HINN)
Bilde av en person som får instruksjon ved en dataskjerm
Det var mange aktivitetar ein kunne ta del i under kunnskapskvelden på Høgskolesenteret i Kongsvinger.
(Foto: Marianne Olsen Brøntveit)
Einar Øverenget på en scene foran publikum
Filosofiprofessor Einar Øverenget er kjend for folk flest, og på eit arrangement i Kulturhuset i Hamar snakka han om temaet «Kva gjer sosiale medium med fridommen vår?». Han filosoferte mellom anna rundt spørsmålet om fridommen sosiale medium gir oss kan leia til det motsette, nemleg ufridom og intoleranse.
(Foto: Ine Wigernæs/HINN)
Lars Fredrik Øksendal holder froedrag foran folk
På biblioteket i Lillehammer og i Kulturhuset i Hamar hadde vi fire arrangement i serien Vettug Viten. Ein av dei som gjorde folk klokare med vettug kunnskap om eit viktig tema var professor i økonomisk historie, Lars Fredrik Øksendal.
(Foto: Ole Martin Ringlund/HINN)
Lars Fredrik Øksendal holder foredrag
Han snakka om kronekurs og inflasjon i vill galopp, om uroa i pengesystemet og korleis dagens pengesystem eigentleg hengjar saman og kor skjørt det er, framfor eit lydhøyrt publikum i Hamar.
(Foto: Ole Martin Ringlund/HINN)
Mann på en talerstol i et auditorium
Energi i landbruket var tema under ein fagdag på Blæstad. Landbruket rår over mange ulike ressursar som kan nyttiggjerast for energiproduksjon, og enkelte meiner at den norske bygda har potensiale for å bli Noregs nye «grøne oljefelt». Kan jordbruket vera løysinga på både klima- og energiutfordringane i framtidssamfunnet?
(Foto: Erlend Mo/HINN)
Deltaker Forskerkamp på scene
Elisabeth Øverland starta innlegget sitt på Forskerkamp med song! Her med programleiar Olav Brostrup Müller etter at ho var ferdig med dei fire minutta sine på scena.
(Foto: Ole Martin Ringlund/HINN)
Svein Tindberg fremførerer Olavsmonologen foran publikum i Hamardomen
Under arrangementet «Frå mellomalderkatedral til ley-lines på Domkirkeodden» vart kvelden avslutta med «Olavsmonologen», eit nyskrevet stykke av og med Svein Tindberg.
(Foto: Lars Bjarne Mythen/HINN)
Fire personer på trappa på Prestgården i Snertingdal
Desse fire var sentrale under årets Boman-seminar på Præstgar´n i Snertingdal. Frå venstre Hans Olav Brenner, Elin Tinholt, Inge Eidsvåg og Pål Repstad.
(Foto: Harald N. Løken)
Bilde av sjukepleiere som viser fram livredding på dokke
Viktig kunnskap som blir formidla under kunnskapskvelden på Høgskolesenteret i Kongsvinger. Alltid nyttig å få friska opp livreddande kunnskap.
(Foto: Marianne Olsen Brøntveit)

 

Av Ole Martin Ringlund
Publisert 3. okt. 2023 10:12 - Sist endret 5. okt. 2023 14:01