Forskingsdagane 2024 i bilete

Forskingsdagane er over for denne gongen. I år var temaet "Helse" og gjennom omlag 20 arrangement har Høgskolen i Innlandet vist fram forskinga si. Her er nokre bilete frå ein rikhaldig meny under årets festival.

Åtte personer på ei scene mot et mørkt bakteppe

Vinnar av Forskerkamp 2024 blei Asmita Shrestha!  Asmita (i midten med premie-"sjekken" sin) var ein av åtte deltakarar på Forskerkamp som er ein uhøgtideleg formidlingskonkurranse blant doktorgradsstipendiatar ved høgskulen. Dei som er med får fire minutt kvar på scena for å forklara kva dei forskar på, og så er det publikum og ein fagjury som avgjer kven som er den beste formidlaren. Asmita forskar korleis vi skal vita når hanngrisen er seksuelt moden. 

Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskulen i Innlandet
Av Ole Martin Ringlund, forskingsformidlar
Publisert 2. okt. 2024 10:04 - Sist endret 2. okt. 2024 13:18

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd, og i år fylte festivalen 30 år.

Under Forskingsdagane viser utdannings- og forskingsinstitusjonar i Noreg fram forskinga si til folk flest, der folk er. 

Forskingsdagane 2024 gjekk av stabelen mellom 18. og 29. september.

Det var mange som besøkte arrangementa til Høgskolen i Innlandet under årets festival, og under her følger eit knippe bilete fra nokre av dei rundt 20 programpostane vi hadde.

Bildegalleri:

Folk i et auditorium
FAGDAG ELDRES HELSE: Fullt hus og 200 deltakarar på Fagdagen for eldres helse som blei arrangert i Elverum 24. september. Fagdagen så nærare på helsa og aldringa til eldre frå mange ulike synsvinklar: Korleis bu trygt heime, korleis skal vi møta demenssjukdom, korleis er det å vere pårørande, korleis skal vi møta framtidas utfordringar og kan aldring unngåast?
(Foto: Kjersti Lyngvær/Høgskolen i Innlandet)
Mann foran powerpoint på lerret
FAGDAG ELDRES HELSE: For å snakka om desse temaa hadde arrangørane fått tak i ei rekkje sentrale namn her til lands, mellom anna Geir Selbæk. Han snakka om noko mange nok tenkjer på...
(Foto: Kjersti Lyngvær/Høgskolen i Innlandet)
Bilde av Rolling Stones på et løerret
FAGDAG ELDRES HELSE: Og skal vi tru utrykket i andletet til Selbæk foran bilete av dei evig unge rockarane i Rolling Stones, er kanskje svaret på spørsmålet over her ja...
(Foto: Kjersti Lyngvær/Høgskolen i Innlandet)
Lars Mytting, forfatteren, på konferanse
FAGDAG ELDRES HELSE: Arrangørane hadde skaffa seg ein skikkeleg godbit til programmet. Dei hadde nemleg fått ein av Noregs mest kjende forfattarar til å delta, Lars Mytting. Han snakka om alderdom og skrøpelighet i bokserien sin, Hekne-triologien.
(Foto: Kjersti Lyngvær/Høgskolen i Innlandet)
Professor foran lysbilde på en lys vegg
LIVSSTIL OG PSYKISK HELSE: Professor Lars Lien foran eit lydhøyrd publikum. Traumeforskingsgruppa ved Høgskolen i Innlandet og Friskstiftelsen inviterte til seminar der dei presenterte forsking som viser at regelmessig fysisk aktivitet og eit balansert kosthald kan bidra til å førebyggja ei rekkje psykiske lidingar, inkludert depresjon og angst. 
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Et panel av folk foran lysbilde på hvit vegg
LIVSSTIL OG PSYKISK HELSE: Desse fem gjorde dei frammøtte klokare rundt temaet livsstil og psykisk helse. F. v. Hege Skirbekk (spesialsjukepleiar Friskstiftelsen), Elisabeth Amdahl Skrataas (psykologspesialist Friskstiftelsen), Lars Lien, Lill Regine Skaug (songar og ei som har ei historie om slik sjukdom å fortelje om) og til slutt programleiar Eirin Valerie Kårevik. 
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Dame foran publikum i et auditorium
LIVSSTIL OG PSYKISK HELSE: Eirin Valerie Kårevik - fag- og klinikksjef ved Friskstiftelsen - leia seminaret.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Bilde av en mobiltelefon som tar bilde av en sanger på en scene
LIVSSTIL OG PSYKISK HELSE: Lill Regine Skaug avslutta dagen med song - noko fleire ville forevige. Lill Regine var med i The Voice i fjor.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Åtte personer på ei scene foran et sceneteppe og scenelys
FORSKARKAMP: Heile gjengen som var med på Forskarkamp i år. Bak f.v. Anja Gjærum, Diana Katherine Castillo, Dilara Valiyeva, Synne Bråten, Steffen Egge Frøyhov og Takunda Archlove. Foran sitter Asmita Shrestha og Ane Christensen Tange.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Dame med t-skjorte det står skog på står på ei scene
FORSKARKAMP: Ane Christensen Tange forskar på ... hald deg fast ... SKOG! Ane endte opp topp tre under årets Forskarkamp med sitt innlegg, og fekk tre seksarar frå fagdommarane!
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Forsker på ei scene
FORSKARKAMP: Diana Katherine Castillo i aksjon på scena der ho snakka om korleis potetgullet ditt kan bli sunnare! ​​​
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Folk i et lokale
FORSKARKAMP: Nærare 100 frammøtte fekk presentert mykje ulik forsking frå scena på Fabrikken i Lillehammer, og så ut til å kosa seg. 
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Tre personer med store terninger viser fram terningene
FORSKARKAMP: Dommarane trilla terningar til den store gullmedaljen. Frå venstre Marit Sletmoen (prorektor forsking HINN), Sigrun Dancke Skaare (forskning.no) og Merete Karma Lindstad (standup-komikar).
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Dommere under Forskerkamp tar bilde av hverandre med terninger
FORSKARKAMP: ... og dei hadde det morosamt med kvarandre også!
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Tre personer på ei scene veldig blide
FORSKARKAMP: Vinnaren er klar! Asmita Shrestha trakk det lengste strået, og blir applaudert av programleiar Olav Brotrup Müller og dei to andre finalistane Steffen Egge Frøyhov og Ane Christensen Tange.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Øyvind Snipstad foran en PC-skjerm med spill på
GAMER SEG TILBAKE TIL ARBEIDSLIVET: Førsteamanuensis Øyvind Snipstad ved Høgskolen i Innlandet forskar på gamarar som slit med å komma inn i arbeidslivet, og saman med NAV, E-sport-klubben i Hamar og Mjøsanker presenterte dei spennande resultat frå denne forskinga. (Foto: Erlend Moe/Høgskolen i Innlandet)
Et panel diskuterer gaming
GAMER SEG TILBAKE TIL ARBEIDSLIVET: Kva slags kompetanse og ferdigheiter får du frå gaming som kan hjelpa deg inn i ein jobb? Resultata frå eit stort forskingsprosjekt mellom høgskulen, NAV, E-sport-klubben i Hamar og MjøsAnker blir presentert av eit panel foran fleire titals publikummarar.
(Foto: Erlend Moe/Høgskolen i Innlandet)
Noen folk sitter i et lokale på en gammel gård
HELSE ELLER FRELSE: Mange tok turen til Åker gård utanfor Hamar da det var klart for arrangementet "Helse eller frelse".
(Foto: Dag Hundstad)
Tre personer spiller og synger i et gammelt gårdslokale
HELSE ELLER FRELSE: På arrangementet sto kokebøker, salmebøker, sitronterter og syngjande hushjelper sentralt. Vi blei rett og slett presentert for ei sanseleg historie der det handla om matkultur på 1700-talet i samspel med datidas oppfatningar av helse. Det var professor i kristendomshistorie, Eivor Andersen Oftestad, og førsteamanuensis Kariin Sundsback som stod for arrangementet.
(Foto: Dag Hundstad)
En gruppe folk går rundt i et lokale med drivved
KUNST OG LIVSLØP I EIT HELSEPERSPEKTIV: Forskingsgruppa QUEST og dei besøkjande starta dagen med å vandre blant drivved frå Mjøsa på sitt opne arrangement på Hamar teater. Forskingsgruppa presenterte i løpat av ein heil dag eit mangfold av si forsking og utforsking innan musikk, drama og kunst og handverk, sett i lys av årets tema Helse.  
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Mann med tropmpet spiller for en gruppe folk som sitte rpå gulvet i et rom
KUNST OG LIVSLØP I EIT HELSEPERSPEKTIV: Så kom det ein mann med trompet for å setja i gang nokre fleire kreative prosessar i deltakarane. QUEST ville vise dei som kom kva kunst har å seie for eit meiningsfullt livsløp i et helseperspektiv, og vise at kunst er ein mogleg måte å undersøke eit tema innan helse på.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
To damer sitter med leire i hendene på gulvet
KUNST OG LIVSLØP I EIT HELSEPERSPEKTIV: Med auga lukka og kroppen godt plassert inne i drivveden frå Mjøsa, skulle ein forma leire ut frå dei kjenslene ein kjende på.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Dame borrer gjennom et trestykke
KUNST OG LIVSLØP I EIT HELSEPERSPEKTIV: Det var også lov å bruke bormaskin.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Mann med leire i hendene sitter ved siden av drivved
KUNST OG LIVSLØP I EIT HELSEPERSPEKTIV: Leira blir forma i samspel med det som omgjer deg.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Folk i et rom med en ambulansemann i midten
RESEARCHERS NIGHT I KONGSVINGER: Høgskolesenteret i Kongsvinger og Senter for digitalisering og bærekraft (CREDS) inviterte til ope hus i det nye Innlandet Science Park - og folk kom!
(Foto: Emma Vestli)
Tre ungdommer i røde t-skjorter foran et lerret
RESEARCHERS NIGHT I KONGSVINGER: Denne kvelden var det stands, aktivitetar og foredrag. Aktivitetane var lagde slik at dei var spesielt spennande for dei mellom 8-12 år.
(Foto: Emma Vestli)
Noen personer står rundt en sjukebåre i et rom
RESEARCHERS NIGHT I KONGSVINGER: Under foredrag og stands fekk publikum eit innblikk i kva helsepersonell jobbar med, forsking rundt det å ivareta barn og ungdom når omsorgspersonar blir sjuke og mange ulike aktivitetar og eksperiment.
(Foto: Emma Vestli)
Dame med mørkt hår foran et lerret som holder foredrag
RESEARCHERS NIGHT I KONGSVINGER: Kelsey Kristine Tisthammer er ph.d.-stipendiat ved Senter for digitalisering og berekraft, og forskar innanfor feltet miljøpsykologi, med fokus på korleis vi menneske tek avgjerder og behandlar informasjon når klima og miljøet rundt oss er i endring. På Researchers' Night snakka ho om temaet økologisk sorg - kva det er og kvifor det er viktig anerkjenna det som naturlege reaksjonar på endringar i omgivnadene våre.
(Foto: Emma Vestli)
NIna Grünfeld foran en fullsatt kinosal med bilder på lerretet
KORLEIS ER DET Å LEVA SOM JØDE I NOREG? Professor og dokumentarfilmskapar Nina Grünfeld gav dei 130 frammøtte i Hamar kino perspektiva sine på eit vanskeleg og personleg tema.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
NIna Grünfeld  foran et bilde av krigen i Gaza på stort lerret i kinoen
KORLEIS ER DET Å LEVA SOM JØDE I NOREG? Som dokumentarfilmskapar har Nina Grünfeld skildra sin jødiske families historie og utforska identiteten til jødar i Noreg, og prøvde å forklare kvifor angrepet frå Hamas 7. oktober i fjor vart opplevd som eit stort traume for jødar.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
To forskere i et gammelt lokale med bile på lerret
RESEARCHERS NIGHT I ETNDEDAL: Dei to professorane Kjell Overvåg og Ulla Higdem veit mykje om kva som skal til for små kommunar av planlegging for å førebu seg på framtida. Dei inviterte difor innbyggjarar, politikarar og alle som bryr seg om Etnedal til ein kveld der dei diskuterte kva som skal til for å gjere Innlandets minste kommune til den beste å leva i.(Foto: Windy Kester Moe/Høgskolen i Innlandet)
Folk i et gammelt gårdslokale
RESEARCHERS NIGHT I ETNDEDAL: Og etnedølane kom! Dei frammøtte blei tatt med på eit opplegg der dei var med på å svare på store, viktige spørsmål om kommunen si utvikling.
(Foto: Windy Kester Moe/Høgskolen i Innlandet)
Folk rundt et bord med legoklosser
RESEARCHERS NIGHT I ETNDEDAL: Lego må til i kreative prosessar!
(Foto: Windy Kester Moe/Høgskolen i Innlandet)
Flere folk sitte rpå stoler på en scene
SKAL SAMSKAPING LØYSA VELFERDSKRISA? Med professor Ole Petter Askheim og kollegaene og førsteamanuensane Line Jenhaug og Sigrid Myklebø i spissen var samskaping i norsk velferdspolitikk tema på eit kortseminar i biblioteket i Lillehammer. Saman med folk frå brukarorganisasjonane, kommunen og organisasjonslivet gjekk dei djupare inn i desse problemstillingane.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
To damer på en scene med powerpointbilde på et lerret bak seg
DET SPELER FAKTISK EI ROLLE! Korleis kan erfaringar med rollespel i utdanninga av dokumentarfilmregissørar læra oss noko om folkehelse? Det var tema for eit dialogbasert foredrag på Fabrikken i Lillehammer der publikum blei aktivisert undervegs for å skapa større forståing rundt kvifor det er så viktig å tenkja utanfor boksen og ha reflekterande prosessar, ikkje berre på skular og universitet, men heile livet.
(Foto: Ole Martin Ringlund/Høgskolen i Innlandet)
Tre personer på en liten scene i kantina på høgskolen
DEBATT-TURNÉ: UNGES PSYKISKE HELSE OG DEN "NYE" AVHENGIGHEITA: Balanse mellom skjerm og sjel – når er det eit problem og korleis blir helsa til dei unge påverka av sosiale medium og skjermbruk? Studentsamskipnaden og HINN tromma saman til paneldebatt på fire av studiestadene våre under Forskingsdagane. Her frå arrangementet i Lillehammer, leia av psykiater og professor på HINN, Lars Lien.
(Foto: Håkon Boye Bergum/Høgskolen i Innlandet)
Folk foran publikum i et auditorium
SKJERMBRUK FRÅ VOGGE TIL GRAV - DIGITALISERING OG HELSE I EIT LIVSLØPSPERSPEKTIV: Mange tok turen til temakvelden i Elverum der populærvitskaplege presentasjonar, paneldebatt og interaktive stands om noko som bør oppta oss alle - nemleg skjermbruk og digitalisering - sto sentralt!
(Foto: Marte Veimo/Høgskolen i Innlandet)
Forsker holder foredrag
SKJERMBRUK FRÅ VOGGE TIL GRAV - DIGITALISERING OG HELSE I EIT LIVSLØPSPERSPEKTIV: Ein av dei som deltok og gjorde dei frammøtte klokare var hjerneforskar og lege Ole Petter Hjelle. Han veit meir enn dei fleste kva skjermbruk og digitalisering gjer med oss og hjernen vår. Mellom anna kunne han fortelje at dei som er unge no i løpet av eit langt liv vil bruke uhorveleg mykje tid på mobilen sin.(Foto: Marte Veimo/Høgskolen i Innlandet)
Mann holder foredrag på scene på biblioteket i Lillehammer
LILLEHAMMER - EIN BY I BAKLEKSA ELLER EIN MOTOR FOR REGIONEN? Professor og hamarsing Atle Hauge møtte eit nysgjerrig og interessert publikum då han snakka om Lillehammers rolle i Innlandet på biblioteket i nettopp Lillehammer.
(Foto: Erlend Moe/Høgskolen i Innlandet)
Logo Forskningsdagene

 

Emneord: Forskingsdagane 2024, Forskningsdagene 2024