Språkleg tryggleik

(KRONIKK) Forskingsdagane 2025 har tryggleik som tema, men er det ikkje eit paradoks at dei med dobbel språkleg kompetanse ofte føler seg utrygge i møte med dei som har mindre språkleg kompetanse?

Grafikk med en grupp emennesker som har pratebobler over hodet
Av Jens Skarkerud Haugan, dosent i norsk, Universitetet i Innlandet
Publisert 23. sep. 2025 12:22 - Sist endret 23. sep. 2025 12:23

Denne teksten/kronikken ble først publisert i avisa Oppland Arbeiderblad 22. september 2025. Kronikker og debattinnlegg på inn.no gir uttrykk for skribentens holdning.

Forskingsdagane 2025 har altså tryggleik som tema. Ein vil då kanskje tenkje på den globale politiske situasjonen, der mange føler seg utrygge fordi dei anten opplever eller fryktar krig. Ein kan òg vere uroa for økonomien, og ein kan føle seg trygg eller utrygg i nære relasjonar.

I dagens språk kan ein tru at orda trygg og tru(g)e har ein direkte samanheng. Men dei to orda har reint etymologisk ikkje noko med kvarandre å gjere. Dei inngår likevel i eit semantisk felt der tryggleik kan vere basert på at ein ikkje føler seg truga av noko.

Ein kan føle seg utrygg eller truga i mange situasjonar, til dømes når ein reiser ein tur til «tigerstaden». Je eller e blir då fort til jei, og itte eller ikkje blir til ikke for at «tigrane» ikkje så lett skal oppdage at ein er frå bygda. Ein er ikkje trygg nok til å halde på dialekta når ein drikk kaffi latte i byen. Men smakar ikkje kaffien eigentleg enda betre når han er gørrgod eller stære god i staden for berre veldig god?

Mange hugsar kanskje NSB-reklamen Hjem til jul, der ei formelt kledd dame med den «obligatoriske» kaffikoppen i handa reiser frå Oslo til Hjerkinn. Ho pratar såkalla standard austnorsk, og så går ho meir og meir over til å bruke dialekta si, samtidig som det stramt oppsette håret blir slått ut og dei formelle kleda blir bytte ut med ein ullgenser. Ho blir friare og tryggare jo nærmare ho kjem den språklege heimen sin.

Men ho verkar trygg både når ho bruker bokmålsbasert tale i Oslo, og når ho legg av seg denne språklege «kledninga» på veg heim. Kjærasten er derimot mindre trygg. Når ho håpa at det hadde sjoga heime, og ho vil hente pysje i kafeen, må han spørje for å bli trygg på at han har forstått ho riktig. I tillegg føler han seg utrygg fordi han skal møte foreldra hennar, der alle attpåtil pratar ei dialekt han ikkje føler seg trygg på. Men det nyttar ikkje å vera fræmmon.

Det interessante er at ein ikkje ventar at «Oslo-guten» skal prøve å tilpasse seg dialekta til dei på bygda. Det er gjerne bygdefolket som tilpassar språket sitt. På den måten blir det mindre og mindre dialektbruk fordi det ikkje alltid er like lett å ta toget heim og leggje av seg igjen dei stive språklege kleda. Men det er jo eigentleg dei som pratar bymål, som er språkleg uttrygge. Dei har jo i praksis mindre språkleg kompetanse, mens dialektbrukaren meistrar fleire måtar å prate på.

Det er òg mange unge som har lært nynorsk på skolen, men som etter kvart går over til å bruke bokmål i storsamfunnet. Dei meistrar gjerne begge skriftspråka, og dei kan når som helst skifte eller gå tilbake. Dei har ein trygg dobbelkompetanse. Men det er dei utrygge bokmålsbrukarane som definerer korleis ein skal skrive og prate. Mange av dei vil «gå til krig» mot nynorsken. Men det er jo ikkje fordi nynorsken trugar dei. Det er fordi dei sjølve er språkleg utrygge. Dei føler seg utrygge fordi dei sjølve har mindre språkleg kompetanse enn dei som pratar både dialekt og kan tilpasse seg bokmålsbasert tale dersom dei vil, og som kanskje kan skrive både bokmål og nynorsk.

Er det ikkje eit paradoks at dei med dobbel språkleg kompetanse ofte føler seg utrygge i møte med dei som har mindre språkleg kompetanse? Både dialektbrukarar og nynorskbrukarar bør kunne finne tryggleik i den språklege kompetansen sin. I staden for å godta at andre krev at ein skal tilpasse seg språkleg, kan ein kanskje av og til og gjerne oftare krevje at dei andre skal prøve å utvide den språklege kompetansen sin. Språkleg tryggleik til alle!

Emneord: kronikk, språk