Lånaren godtek automatisk lånereglane ved å nytte lånetenestene.
Kven kan låne? Alle tilsette og studentar ved Universitet i Innlandet kan låne i biblioteket. Eksterne brukarar kan låne frå samlingane våre, men får ikkje utvida tenester som til dømes fjernlån.
Ansvar: Lånarar er personleg ansvarlege for materialet dei har lånt.
Kor lenge kan du låne? Ordinær utlånstid er 30 dagar, men deler av samlinga kan ha kortare utlånstid.
Fornye lån: Lån blir fornya automatisk 5 gonger dersom det ikkje er venteliste. Ver merksam på at automatisk fornying ikkje gjeld lån frå andre bibliotek (fjernlån). Desse må fornyast ved innlogging i Oria.
Purring: Biblioteket sender 3 påminningar om forfalte lån før varselet "Siste varsel før faktura sendes ut". Purringar blir sendt per e-post og/eller sms.
Ved 2. varsel: Lånarar som ikkje leverer etter motteke "Forfalte lån - 2.varsel" mister låneretten. Låneretten får ein tilbake når forholdet er oppgjort.
Erstatning: Tapt/øydelagt materiale må erstattast. Erstatningssummen er for tida 700 kr. pr. enhet. Ved meir verdifullt materiale kan beløpet bli større. Dersom lånet blir levert, erstatta med eit nytt eksemplar eller betalt før faktura er sendt ut, fell kravet bort.
Biblioteket beheld eigedomsretten til dokument som er krevd innlevert.
NB: Er faktura sendt ut, må denne betalast sjølv om materialet blir levert i ettertid.