Alle arrangementer ved Universitetet i Innlandet

Lansering av resultat av forsking: Bidreg kunst og kultur til læring?

Kva skjer når kunst blir ein del av kvardagen i klasserommet? Over 350 barn har i to år fått testa dette, gjennom prosjektet Kunsten å lære. No lanserast forskinga som gir oss svaret.

Logo kunsten å lære

Kva betydning har kunstfagleg undervisning i klasserommet hatt - for elevane, lærarane og skulen?

Hovudfunn blir presentert, før vi opnar for spørsmål frå salen. Deretter blir det samtale med representantar frå utdanning, kunst, psykologi og politikk – om kva resultata kan bety for framtidas skule og læring.

Strøyming av arrangementet

Les meir

Arrangørar

  • Universitetet i Innlandet
  • Innlandet fylkeskommune, prosjektleiing
  • Lillehammer kommune, skulesjefen
  • Kulturtanken, kunnskapsutvikling, kunst og skole (KKS)
  • Sparebankstiftelsen DNB
  • Politikarar

Arrangementet er ein del av Kulturytring som er Noregs største og viktigaste arena for kunst- og kulturpolitikk som finn stad i Drammen 23. - 25. juni 2025.

Vel møtt på Union scene i Drammen!

Publisert 20. juni 2025 12:39 - Sist endret 23. juni 2025 13:50