16 vil bli prorektorar ved HINN

I alt har det meldt seg 16 søkarar til dei ledige åremåla som prorektorar ved Høgskolen i Innlandet.

Det er tre åremål som er ledige frå årsskiftet: prorektor forsking og utvikling (FoU), prorektor utdanning og prorektor samfunnskontakt.

– Dette er særs viktige leiarstillingar ved høgskulen. Dei tre som vert tilsette vil utgjere rektoratet ved høgskulen saman med meg som rektor og ta del i den vidare utviklinga av høgskulen, seier rektor Peer Jacob Svenkerud.

Søknadsfristen til stillingane gjekk ut 19. oktober og søkarlistene er no klare.

Det er sett ned innstillingsutval for alle dei tre stillingane, samansett av internt oppnemnte representantar for studentar og tilsette og eksterne representantar, leia av rektor. 

Utvalet leverer innstilling til høgskulestyret som gjer tilsettingane seinare i haust.

Søkarliste, Prorektor forsking og utvikling (FoU)

  1. Peder Lombnæs (52), Forskingsleiar, Hamar 
  2. Rune Hausstatter (49), Instituttleiar/Professor, Lillehammer
  3. Arild Hovland (61), førsteamanuensis, Drammen
  4. Raoul Nap-Goedhuis (53), Dean, Oldambt
  5. Synne Bull (48), Guest Researcher UiO, Self-employed artist, PI Urban Ecologies, Oslo 
  6. Stian Ellefsen (43), Professor, Høgskolen i Innlandet, Lillehammer
  7. Hilde Færevik (55), Senior Forretningsutviklar, Trondheim

Søkarliste, Prorektor utdanning

  1. Maria Løvsletten (57), Fagrådgjevar, Sykehuset Innlandet/Høgskolelektor HINN, Hamar 
  2. Stephen Dobson (58) Dekan, Wellington i New Zealand
  3. Stine Grønvold (47), Prorektor utdanning Høgskolen i Innlandet, Elverum
  4. Jawad Alam Ansari (31), TNS Beaconhouse, Punjab

Søkarliste, prorektor samfunnskontakt

  1. Ine Wigernæs (52), Førsteamanuensis / fageiningsleiar / forskingsgruppeleiar, Oslo
  2. Gunnar Klinge (45), Leiar av internasjonalt fagteam/internasjonalt kontor ved Høgskolen i Innlandet, Lillehammer
  3. Kristin Mathiesen (51), Førsteamanuensis, Stor-Elvdal
  4. Per Eikrem (56), konsulent/rådgjevar, Oslo
  5. Jens Uwe Korten (59), prorektor samfunnskontakt, Lillehammer

Om stillingane:

  • Prorektor utdanning har det overordna strategiske og administrative ansvaret for området utdanning, og skal mellom anna bidra til å sikre at høgskulen tilbyr relevante studiar med høg kvalitet. Den som ver tilsett vil vere leiar for høgskulen si utdanningsavdeling.
     
  • Prorektor forsking og utvikling (FoU) har overordna og strategisk ansvar for FoU ved høgskulen. Det inneber mellom anna ansvar for utvikling av forskingssatsingar på tvers av fag og fakultet. Den som vert tilsett vil vere leiar for høgskulen si forskingsavdeling.
     
  • Prorektor samfunnskontakt har overordna strategiske ansvaret for eksterne samarbeidsrelasjonar, omdømmebygging og media-/samfunnskontakt. Den som vert tilsett vil vere leiar for Avdeling for kommunikasjon, samfunnskontakt og marknadsføring.

Kontakt:

Rektor Peer Jacob Svenkerud

Publisert 21. okt. 2021 10:01 - Sist endret 21. okt. 2021 10:01