Det er ein blid og utåtvend vestlending som møter oss i lokala til Eidsiva, midt i Hamar sentrum.
Synnøve Agathe gjekk rett ut i jobb etter studiane – til ei stilling som forretningsutviklar i Eidsiva Vekst – innovasjonsavdelinga til energiselskapet.
– Eg har det så gøy på jobb! Vi får lov å vera med å forma vegen vidare for Eidsiva, møta moglege kundar og presentere løysingar for dei. Eg elskar det!
- Les også: Når studenter og næringsliv møtes
Sjå trendar og moglegheiter
Synnøve Agathe Klakegg kom inn i jobben i Eidsiva Vekst gjennom ei ordning som blir kalla Trainee Innlandet.
Masteren i innovasjon frå Universitetet i Innlandet har gitt henne innsikt og kompetanse om korleis Eidsiva kan jobba for å utvikla moglegheiter, og løysa utfordringar i framtida. Dette vart arbeidsoppgåva hennar frå dag éin.
– Jobben min handlar om å jobba med konsept, idéutforsking eller forretningsmodellar som ikkje er ute i marknaden enno, eller som er kjent enno, fortel ho.

Eidsiva ønskjer nemleg å spela ei viktig rolle i omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Eidsiva Vekst jobbar for å utvikla nye løysingar på vegner av morselskapet, som igjen skal vere til nytte for samfunnet, og føre oss raskare inn i ei utsleppsfri framtid.
– Vi ser på nye moglegheiter for Eidsiva. Kva slags behov har me i framtida som me kan hjelpa til med? Kva veg bør me ta inn i framtida, og kva bør me satsa på? Dette er eg med på å utforska!
– Kor nyttig var masteren du tok sett opp mot den jobben du har no?
– Veldig nyttig! Vi lærte mykje om korleis ein innovasjonsprosess fungerer, og om prosjektleiing. Løypa er aldri rett fram. Du får alltid oppturar og nedturar. Vi lærte å skjønna forretningsmodellar. Du kan ha ein kjempeidé, men om det ikkje er lønnsemd i det eller har verdi for nokon, så går det ikkje, fortel ho.
- Les også: Utkant-Noreg slit med grøn omstilling
Smarte løysingar for elektrisk tungtransport
For eit år sidan vart Synnøve Agathe kopla på eit prosjekt som handlar om å utvikla nye konsept som gjer det enklare for tungtransporten å bli elektrisk.
– Vi trudde dei ville bli meir elektriske. Spørsmålet vi såg på var – korleis kan vi bidra inn mot den overgangen?
Då vart lastebilsjåførane og bransjen sjølv ein viktig sparringspartnar. Om de skal gå over til elektrisk, kva er det som er viktig for dykk då? var eit av mange spørsmål dei bad om svar på.

– Veldig mange snakka om forutsigbarheit. Vi gjekk inn i det – kva betyr eigentleg forutsigbarheit i denne samanhengen? Kva kan gi det?
Forutsigbarheit viste seg å vera følgjande: Dei trong tryggleik på at dei alltid fekk lada. Dei ønskte å kunna rekna langt fram kor mykje pengar dei kom til å bruka på lading. Dei ville vita om ei investering i ein el-lastebil ville lønna seg.
– Vi valde difor å satse på depotlading framfor hurtiglading. Hurtiglading er nødvendig for mange aktørar, men er ikkje forutsigbart nok til å kunne lene seg på som basislading for transportørar, fortel Klakegg.
Eidsiva vekst valde difor å fokusera på samlokalisering av ladedepot for å dekkja basisladinga for tungtransporten. Kundane får ein fast plass som dei sjølv disponerer, og får prisar dei kjenner som dei kan rekne heim.
– Slike delingsløysingar er noko som ein ser meir og meir av, og noko som vi også utforska og lærte mykje om på studiet, seier Klakegg.

Eidsiva Vekst jobbar også med andre løysningar og har utvikla Peak Shaper. Der ser ein på energi som ei teneste, og korleis batterilagring kan spele saman med andre teknologiar. Lading av tungtransport har vorte ein del av denne leveransen.
– Kombinasjonen av ulike teknologiar som batteri, sol på tak, lading, styring og fleks er med på å jamne ut effektuttaket og reduserer kostnader, og gjer slik at vi utnyttar straumen best mogleg og sikrar kapasitet når det trengst, fortel Synnøve Agathe.
Leiar elektrifisering i Peak Shaper, Kine Rydberg Strupstad, er fornøgd med å få studentar med master i berekraftig innovasjon og leiing inn i selskapet
– Kvifor treng de sånne som Synnøve Agathe i Eidsiva Vekst?
– Vi treng folk som kombinerer innovasjonsfagleg kompetanse med kommersiell teft. Synnøve er uredd i møte med marknaden, god på å byggja relasjonar og komfortabel med å testa ut konsept saman med kundar, fortel ho.

Stortrivst i jobben og i Innlandet
Synnøve Agathe Klakegg kjem eigentleg frå Jølster, ei lita bygd i indre Sunnfjord. Sjølv om ho tidvis kan sakna ville fjell og fjordar, hadde ho ei super studietid, og trivast veldig godt i jobben og i Innlandet.
– Korleis er det å bu her for ein vestlending som deg?
– Veldig bra! Eg trivst stort der eg er, men har det supert i Hamar. Eg vil heller bu i Hamar eller Lillehammer, enn i Oslo. Eg liker den personlegdommen dei to byane her har.
– Kvifor er ein master i innovasjon nyttig i Noreg i dag?
– Noreg treng sånne som oss for å omsetja forsking og kunnskap til noko brukbart. Det det blir forska på må kunna setjast ut i live, og ha ein verknad. Den overgangen treng kreativitet og leiing for å gjera eit kaos om til noko enkelt og handfast. Mykje av det vi tek med oss frå dette studiet kan vera med på å forma den framtida vi har lyst til å leva i, avsluttar Synnøve Agathe Klakegg.