Jørgen er frå Stavanger-traktene, ligg for det meste i ei seng og byrja å jobba på sjukepleiestudiet på Universitetet i Innlandet (INN) i november i fjor.
– Det som er fint med Jørgen er at du kan observera teikn på sjukdom som er vanskeleg å provosera fram hos medstudentar, seier Eirik Langtjernet og Ola Storaas.
Dei to er inne på oppløpssida til å bli sjukepleiarar, og har hatt mykje nytte av øvingsdokkene dei har hatt tilgang til dei tre åra dei har studert på campus Elverum.
Skummelt i starten
– Då kjem det eit stikk her. Går det betre no, Jørgen? spør Ola.
Sjukepleiestudentane på INN har tilgang på 10-12 ulike dukkar dei kan trena på. Halvparten av dei er omlag like avanserte som Jørgen. Andre er meir enkle.
Felles for dei mest avanserte er at dei er vakne, pustar, blunkar og har puls. Dei har ein innebygd høgtalar som gjer at dei kan snakka med studentane, auga kan bevega seg og pupillstorleiken kan endrast. Den kan pusta på ulike måtar med ulike lydar. Både puls og blodtrykk kan målast, og sprøytar kan setjast.
– Eg skal berre ta tempen i øyret ditt, eg, seier Eirik med roleg stemme til dokka som kostar 1,2 millionar kroner.
Vel verd pengane, spør du studentane på INN.
– Det er ikkje mange av oss som kunne teke nivået av trening til det dokka kan. Vi hadde nok kjent det hadde vore flautt og rart. Det bryr ikkje dokka seg om. Så dokka er veldig nyttig, fortel Eirik.
Eg kostar 1,2 millionar kroner og kan både skjelve og takast blodprøve på, eg har puls, blodtrykk, kan blunka, pusta stygt og mykje meir.
Jørgen
– Kor reelt kjennest det når du jobbar med dokka?
– Jo meir du trenar, jo meir reelt blir det. Første gongen er det litt kunstig, men så tenkjer du ikkje på det til slutt og lever deg inn i det. Då blir det veldig bra trening. Eg kan sjå den omgåande effekten av tiltaka eg set inn, seier Ola Storaas.
Eirik Langtjernet er samd.
– Det som er bra er at du får feedback med ein gong frå dokka. Og dokka er jo meir enn ein «dum» dokke. Vi kan få symptom vi ikkje får når vi trenar på medstudentar. Du må faktisk respondera på det dokka seier. Det er veldig bra.
- Les også: Pensjonistar stilte opp for studentane
Øvelse gjer meister
Du kan ikkje høyra på dialekta at Jørgen kjem frå Stavanger-traktene. Grunnen til det er at det er Anders Liberg som ofte snakkar gjennom dokka.
Anders er lærar på sjukepleiestudiet og ansvarleg for øvingsavdelinga.
Når studentane får bryna seg på ulike symptom hos dokkene, er det Anders som sit på bakrommet og styrer puls, stemme, pupillar og mykje anna. Han kan få Jørgen til å skjelva òg.
– Når vi øver legger vi dokkene i ein ring i eit rom. Alle dokkene får ulike symptom og sjukdommar. Så går studentane frå dokke til dokke, løyser kva dette er for noko og set inn tiltak.
Fram til 2011 øvde sjukepleiarstudentane på Universitetet i Innlandet på kvarandre. Så fekk dei tilgang til nokre veldig nyttige verktøy.
– Helsevesenet har komme litt etter det med å øva. Pilotar har simulatorar, politi, brannfolk og forsvaret har jo alltid trena. Trening starta ein med i helsevesenet på 2000-talet, og så har det vorte meir og meir av det.
– Kva har desse dokkene hatt å seia for studiet de har i sjukepleie?
– Det gjer at vi kan gi studentane våre like læringsvilkår. Dei får bryna seg på det same. Alle studentane våre har til dømes teke seg av ein person med blodforgifting, eller ein person med pustetrøbbel. Det er bra å øva, gjenta og repetera. Du lærer mykje av det, meiner Anders Liberg.
– Får vi betre sjukepleiarar av at dere bruker desse dokkene aktivt i undervisning, Anders?
– Ja, det gjer vi!
Eirik Langtjernet og Ola Storaas har akkurat fått på plass ein venflon på dokka Jørgen, ei sånn nål du får inn i blodårene på oversida av handa di når du blir lagd inn på sjukehus.
Det ser ut til å gå bra med pasienten denne gongen òg. Jørgen er i ferd med å friskne til.
Snart skal dei to sjukepleiestudentane ut i praksis i heimetenesta, og etter det skal dei ut i eigen jobb. Då kan timane med Jørgen og dei andre dokkene komma godt med.