– I SANORD vert det vektlagd at institusjonane møtast som likeverdige partar og står saman om å skulle løyse mange av dei same utfordringane, tross ulik kontekst. Vi har mykje å lære av kvarandre, seier organisasjonsdirektør ved Universitetet i Innlandet (INN), Stine Grønvold.

INN har vore medlem i SANORD (Southern African-Nordic Centre) sidan 2013. Hovudverdiane i samarbeidet er gjensidigheit, strategisk utvikling, vedvarande engasjement og leiarskap.
Grønvold og internasjonal seniorrådgivar Bente Gaalaas Rønningen har besøkt Cape Town i Sør-Afrika for å tre inn i den nye rolla som styreleiar for nettverket.
Grønvold fyller vervet som chair, medan Gaalaas Rønningen er SANORD sin kontaktperson ved INN.
Dagane i Sør-Afrika gjekk blant anna til å møte rektoren ved University of the Western Cape (UWC) for å diskutere betydninga av nettverket, samt møter med SANORD Central Office og ny direktør for SANORD-kontoret, Dr. Tasmeera Singh.
– Det var viktig for INN å etablere personleg kontakt med Singh då vi skal ha eit tett samarbeid dei neste to åra som styreleiar og direktør, understreker Gaalaas Rønningen.
Styret er òg nyvald, med tre representantar frå nord og tre frå sør. Nestleiar (vice chair) er professor Priscilla Baker, viserektor forsking ved UWC.

– Vårt internasjonale engasjement handlar både om å sikre at vi sjølv held høg kvalitet på utdanning og forsking, og at vi må samarbeide med andre for å løyse samfunnsoppdraget vårt, forklarar Grøvold.
Ulike representantar frå universiteta på Kapphalvøya som òg er med i SANORD (Stellenbosch, Cape Peninsula University of Technology og University of Western Cape) møttast for å diskutere behov frå medlemsinstitusjonar og korleis nettverket kan utvikle seg vidare.
Sør-Afrika er eitt av landa som er omfatta av Kunnskapsdepartementet sin Panoramastrategi, som omhandlar korleis Noreg skal auke samarbeidet om forsking, høgare utdanning og innovasjon med land utanfor EU/EØS på ein heilskapeleg og langsiktig måte.
– Vi har ei lang historie med samarbeid med ulike institusjonar i nettverket, noko som har bidrege til at vi lett finn fram til kvarandre og at relasjonane er prega av høg tillit, fortel Grønvold.