Han fortset: – Men ikkje berre det, samstundes er årsfesten ein viktig møteplass for tilsette på kryss og tvers av studiestader, fag og funksjonar. – Det er viktig for oss å løfta blikket og feira i fellesskap, seier Svenkerud vidare. – Høgskulen i Innlandet er framleis ein ung institusjon og vi er langtfrå ferdig med å skapa felles kultur og med å etablera felles møteplassar. Både det seremonielle ved årsfesten og festen etterpå er viktige bidrag til å skapa fellesskap, avslutter rektor Svenkerud.
Meritterte undervisarar
Dette er ein ordning oppretta av Kunnskapsdepartementet (KD) og etablert ved HINN i 2019. Intensjonen til KD er å styrkja arbeidet med studiekvalitet gjennom å gi insentiv til engasjerte og dyktige lærarar i høgare utdanning. Det var ein glad rektor som kunne fortelja forsamlingen at fire tilsette er blitt tilkjent denne tittelen i år, førstelektor Knut Øystein Høvik, professor Anne Lindblom, førsteamanuensis Elisabeth Ersvær og førsteamanuensis Thorstein Sigurjonsson.
Opprykk
Alle universitet og høgskular blir målt på kor mange av dei tilsette som har førstestillingar og for ein institusjon med ambisjonar om å bli universitet er opprykk til nye akademiske stillingar viktig og absolutt på sine plass å markere.
Oversynet for i år viser at HINN har fått 14 nye førstemanuensar og sju nye førstelektorar gjennom opprykk. Dette er stillingar som krev det som vert kalla førstekompetanse. Stillingane er jamstilte der førsteamanuensene får sin kompetanse gjennom å avlegge doktorgrad, medan lektorane får sin gjennom hovedfokus på undervisning og pedagogisk utviklingsarbeid.
Nye førstelektorar
- Gry Anita Lunde, HSV
- Grindaker Eirik, HSV
- Anne Marie Røisehagen, LUP
- Knut Øystein Høvik, LUP
- Marita Andreassen, HHS
- Julianne Habberstad, HHS
- Trine Løvold Syversen, HHS