Ottar Brox er ein av dei mest kjente samfunnsforskarane i Norge dei siste 60 åra. I 1966 kom han med boka «Hva skjer i Nord-Norge» og etter den tid har han vore med i alle dei store debattane om sentrum og periferi. Boka er kåra til hundreårets fagbok i sin sjanger av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO). Brox døydde i fjor, knapt 92 år gamal, og var heilt til dei siste åra spaltist i Klassekampen. Så seint som i 2022 vart han på nytt aktuell gjennom dokumentarfilmen «Kampen for kysten». Ottar Brox var også ein sentral aktør og inspirator for oppbygginga av det samfunnvitskaplege miljøet ved Universitetet i Tromsø.
Foredragshaldaren på seminaret, professor Kjell Arne Røvik, har vore ein del av dette miljøet og vi er glade for på denne måten å få perspektivet frå nord og frå kysten til oss i Innlandet. I tillegg til fagmiljøet på universitetet er personar som vi veit har hatt ein fagleg eller politisk relasjon til Ottar invitert. Dei spesielt invitererte blir utfordra til å fortelje om denne relasjonen.
Vi prøver å få NFFO til å arrangere eit Brox-seminar på Litteraturfestivalen i Lillehammer neste år og seminaret vårt blir del av ei fagleg førebuing.
Program for Brox-seminaret
- 12.00 – 13.00: Kjell Arne Røvik: «Han traff planken, og ble selv planken for mange – Et portrett av Ottar Brox!
- 13.00 – 14.30: Diskusjon etter foredraget. Deltakarar blir utfordra til 5-10 minutters innlegg «Ottar Brox for meg».
- 14.30 – 15.00: Vegen vidare?
Seminaret er åpent for alle.
Vel møtt i møterom 10 i Nyhove på studiested Lillehammer.