Det nye utvalet skal føreslå endringar for at lovverket til folketrygda skal bli enklare, skriv regjeringa på sine nettsider.
– Folketrygda er sjølve ryggrada i velferdsstaten, og er eit kjempeviktig verkemiddel for å sikra både vanleg tryggleik og økonomisk tryggleik for heile befolkninga i ulike fasar av livet, seier Hanne Glemmestad til inn.no.
Målet med arbeidet i utvalet er mellom anna å få ned sakshandsamingstidene, og at brukarane skal få betre hjelp frå Nav.
Betre og meir effektiv
Ifølgje arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng er folketrygdlova i dag både omfattande og komplisert, og Nav bruker store ressursar på å tolke regelverket.
Det er grunnen til at ho og regjeringa no set ned utvalet som skal gå gjennom lova og føreslå endringar.
– For å få eit Nav som gjer ein enda betre og meir effektiv jobb, treng vi eit lovverk som hjelper til og bidreg til at folk får riktige og raske vedtak, seier Stenseng.
Dette er Hanne Glemmestad einig i.
– Det er viktig at han er så oppdatert som mogleg for å møta dei behova som er i samfunnet til kvar tid. Dette gjeld både sjølve innretninga – dei ulike stønadene, men også korleis desse blir forvalta og utbetalte, seier ho.
– Er det stas å bli spurd om vere med i dette utvalet?
– Ja, absolutt. Eg har lenge vore oppteken av sosialpolitikk og delteke i det offentlege ordskiftet om mellom anna velferdsstaten og Nav. Å jobba med utforming og forenkling av folketrygda er sosialt arbeid på samfunnsnivå, og noko eg er veldig glad for å få høve til å vera med på.
Vil løfte inn forsking
Den no gjeldande folketrygdlova blei vedteken i 1997. Då er det kanskje på tide med ein gjennomgang av lova for å tilpassa henne til tida vi lever i no.
Hanne Glemmestad trur ho med bakgrunnen sin kan bidra inn i eit sånn utval.
– Eg har erfaring frå forvaltning av folketrygda som tidlegare leiar for sosialtenesta og Nav. I tillegg har eg med meg det sosialfaglege heilskapsblikket i forhold til korleis dei ulike ordningane treffer ulike delar av befolkninga, fortel Glemmestad.
Glemmestad er oppteken av å ha eit særleg fokus på dei sårbare gruppene, og dei som treng ordningane i folketrygda aller mest.
– Her speler også sosialvitskapen ei viktig rolle, og eg håpar å kunne løfta inn forsking og kunnskap frå våre fagfelt i arbeidet til utvalet.
Regjeringa har utnemnd lagdommar Torunn Elise Kvisberg frå Lillehammer til å leie utvalet, som skal levere utredninga si innan 31. desember 2027.
Desse skal sitja i utvalet:
- Lagdommar Torunn Elise Kvisberg, Lillehammer (leiar)
- Advokat Hilde Kristin Ellingsen, Oslo
- Instituttleiar Hanne Glemmestad, Gjøvik
- Seniorrådgjevar Marianne Hansen, Steigen
- Tingrettsdommar Daniel Løstegaard Olsen, Trondheim
- Regiondirektør Kristin Røymo, Tromsø
- Fastlege Aleksander Notto Sandnes, Kristiansand
- Avdelingsdirektør Arnulf Tverberg, Asker
- Adjunkt Johan Næser, Århus, Danmark